Spik Adel

Bremanger-gruppa Spik Adel har etterkvart fått mange fans her på Vestlandet.  Gruppa vann Fylkestoppen i NRK Sogn og Fjordane i fjor med låta "Tear Stained Eye", opprinneleg ein Son Volt-melodi. 

Spik Adel er eit lokalt ord for den delen av trevirket som er metta av kvae, slik at det held seg like godt medan tida ruller vidare.  Dette er eit godt bilete på musikken til Spik Adel. som er sterk vedvarende rock'n roll frå 70 og 80-tallet, med røter i folkemusikk, blues og moderne contrymusikk. 

Inspirasjonskjelder er forøvrig The Band, Van Morrison, Bob Dylan og Creedence Clearwater revival, og låtar frå bl.a. desse står også på repertoaret til Spik Adel

Med årelang erfaring og vedvarande kjærleik til den musikken dei framfører, leverer Spik Adel dei edle varene med "trøkk", overtyding og eleganse. 

Musikarene i Spik Adel har lang fartstid frå mange ulike band innan pop, rock blues og jazz.  Mange har og brei erfaring  frå korprosjekt, klassisk musikk, storband og revyunderhaldning. 

Spik Adel består av:

Norvall Klungresæter div gitarar og sang
Einar Nesbakk gitar, slidegitar, sang
Roger Igland bass
Helge Førde trommer
Jarle Grotle orgel, piano, sang

Spik Adel har spelt på West Cost Meeting i 1999 og 2001

Se MC-klubbens band oversikt

   
Florø MC Klubb  
37 år.
1976 til 2013

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 591138553  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av Dag  07 mars 2013