Onsdag 23. september 1981,skal MC klubben saman med Album aksjonere mot
narkotika i Florø
Det ryste folk det som siste tida har skjedd her i Flora.
Derfor set vi i gang med denne aksjonen saman med popgruppa Album.
Det er Dag Magne Knapstad- kasserar i Florø MC klubb som seier dette
til Firdaposten. Onsdag kveld skal Album halde konsert i
musikkpaviljongen. Her blir det også eit kort foredrag om
narkotika. Vi skal også sende brosjyrar ut med posten.
Etter konserten skal vi trekke inn i Samfunnshuset til rusfri
dans. Pengane vi får inn på dansen skal gå til Docen
fritidsklubb. - Vi i MC-klubben ser Docen som det beste førebyggande
miljøet mot narkotika og alkohol vi har her i Flora.
Harald Øyen som leiar Docen Fritidsklubb meinar at rusproblemet helt
tydeleg har auka i Flora siste året. No er det også kome så langt at
ein har mistanke om at det har kome heroin her til byen.
Det verkar også som dei som har brukt narkotika over lengre tid har
blitt meir desperate for å få tak i stoff. Øyen er redd for at
etter kvart som stoffmisbruket aukar på, veks også kontaktnettet og
tilførsla utafrå.
Vi har ei eldre kjerne av stoffbrukarar i Florø. Eg er redd dette
spreier seg, seier Øyen.
Narkotikaen reiser folk til Bergen og hentar, eller så skriv dei og
får det sendt oppover. Største faren ligg i at dei som brukar
stoffet må selje for å overleve. det verste er faren for
spreiing til yngre grupper.
Øyen trur ikkje at folk brukar narkotika i stor stil utan dette har
sosiale grunnar. For å få skikkeleg bukt med med problemet må
ein få bukt med dei sosiale årsakene meiner han. Har ein ungdom
vanskar på skule, heime eller og i tillegg eit dårleg fritidstilbod
kan dette lett utvikle seg til bruk av rusmidlar - hasj og alkohol.
-- Her kjem Docen inn som eit viktig fritidstilbod, og kan være med å
førebygg, meinar Øyen.
|