Vil gi femåringar motorsykkel

Skal ein køyre ein motorsykkel opp til 60 kubikk treng ein ikkje vere meir enn fem år. Men då må dei vaksne gjere heimeleksa si. Denne helga var 20 personar frå Sunnfjord i Eikefjord for å kurse seg

Firdaposten: 23.11.2004  Av, Dag Frøyen
KURSA SEG: Kursdeltakarane frå venstre: Arnfinn Lindstrøm, Ole Joni Havn, Per Egil Knudsen, Dag Nybø, Arve Soleide, Dag Magne Knapstad, Ottar Akselsen, Rune Soleide, Jan Vidar Stubhaug, Torbjørn Hopen, Aslak Holmen, Asle Skånevik, Conrad Rye Holmboe (instruktør), Dag Havn, Arnestein Aa, Jonas Svardal, Kim Andre Nygård, Roy Os og Hege Knudsen. Foto: Dag Magne Knapstad
Det er stor interesse for motorcross i Flora og dei omliggjande kommunane. Det viste deltakarmassen på motorcrosskurset i Eikefjord denne helga.
Eikefjord Idrettslag stod for instruktørkurset og representantar frå Førde, Naustdal, Svelgen og Flora var representert. Og interessa for motorsykkelcross ser no ut til å blomstre. Tilrettelegging for dei yngre klassane, slik at entusiastane skal sikre seg rekruttering, er no i full gang.
– Dette kurset er retta mot dei yngre, seier Dag Magne Knapstad i Florø MC Klubb. Han meiner motorcross er ein idrett som kan verke positivt for kontakten med dei yngre.
– Dette er ein aktivitet der foreldre vere i kontakt med ungane lengre. Det er jo ofte slik at når ungane kjem i tenåra flyktar dei frå opphavet. Driv du derimot med motorsykkel, så er foreldra interessante litt lenger, seier Knapstad. Han meiner kontakta ein får med dei unge veg opp mot utgiftene ved idretten. For det er ikkje ein billeg idrett.

FLORØ GJENGEN: MC-gjengen ifrå Florø MC klubb sat på skulebenken i Eikefjord i helga. Frå venstre: Kim Andre Nygård, Jonas Svardal, Aslak Holmen og Asle Skånevik

FLORØ GJENGEN: MC-gjengen ifrå Florø MC klubb sat på skulebenken i Eikefjord i helga. Frå venstre: Kim Andre Nygård, Jonas Svardal, Aslak Holmen og Asle Skånevik   Foto: Dag Magne Knapstad
Kurs
Aktivitetsleiarkurset i regi av Norges motorsportsforbund. Kurset skal sørgje for at ein ha kvalifiserte folk som kan vere ansvarlege for køyring.
– Vi jobbar no med å få til barnecross, og skal vi det må vi ha godkjende instruktørar og kan drive lovleg, seier Knapstad
Kurset var på Eikefjord skule fredag til laurdag og dei 20 deltakarane fekk gjennomført 20 timar undervisning både teoretisk og praktisk.
Vi skal gjennom strenge reglar og lovverk og dessutan at det er viktig at dei som skal lære vekk han handtere dei ulike teknikkane i motorcross, seier Knapstad. I tillegg til kurset denne helga skal det settast opp eit nytt 12 timars kurs som skal rette seg direkte mot barneidrett før instruktørane er ferdig uteksaminert.

 

INSTRUKTØR: Conrad Rye Holmboe frå Sotra MK stod for kurset. Her ser vi Arve Soleide som held sykkelen Kim Andre Nygård sit

 
   
Fleire baner
Folk ifrå Førde som køyrer på bana på Kråkenesmarka og dessutan Eikefjord Idrettslag som no driv med tilrettelegging for ei bane på Nesjane. Represantantar ifrå Naustdal og frå Svelgen var representert. På desse to plassane er ei crossbane i emning
Florø MC Klubb jobbar no parallelt med etablering av to baner. Dei har sett føre seg å starte ei bane på Florølandet ved Flyplassen i tillegg til ei bane for barn ved klubbhuset på Bjørnset. Og den som trudde motorcross er ein idrett for vaksne må tru omatt.
– Ein kan starte allereie når dei er blitt fem år. Då kan dei køyre motorsyklar opp til 60 cm3. Frå det året ein fyller ti år kan ein køyre opp til 85cm3, og frå 14 år opp til 125 cm3. Frå ein er 16 år er det fritt. Dette er sjølvsagt på lukka bane med godkjende aktivitetsleiarar til stades, seier Knapstad.
Med fleire baner for nybegynnarar på plass, meiner Knapstad det opnar det seg moglegheiter til å skape interesse for sporten og ved at ein kan skipe konkurransar.
 
   
 
FULL GUFFE: Snøen var ei lita, men ikkje absolutt hindring for MC-entusiastane som denne helga kursa seg i motorcross ved Eikefjord Skule denne helga. Her ser vi instruktør Conrad Rye Holmboe i aksjon  
Mer om knattecross
Ønsker dere å lese litt mer om knattecross, så anbefaler eg heimesiden http://www.knattecross.no  www.motorsportforbundet.no


Florø MC Klubb 
35 år.
1976 til 2011
 

Boks 272,  6901 Florø
E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no
, Facebook:

Sist oppdatert av © Linken  22 august 2011