Heisaturen til dei to ungdommane i slutten av tenåra byrja i Florø, med at dei braut seg inn i garasjen på Flora MC-klubb sitt klubbhus på Bjørnset. Der fann dei Odd Willy Aadland sin Honda XL 600 offroadersykkel parkert. Etter ein del prøving og feiling, fekk dei start på sykkelen ved å tjuvkople den. Og med berre stolne arbeidshanskar, hettegensarar og to stolne heilhjelmar til å verna dei mot vær og vind, sette dei kursen mot Bergen. Klokka ni i dag morgon nekta dei to å stoppe under ein rutinemessig politikontroll i Bergen sentrum. Ikkje før dei var komen til Kanalvegen, valde dei to ungdommane stoppe for politipatruljen som følgde etter. Til politiet oppgav dei at dei hadde fått låne motorsykkelen av ein «ukjend ven». Då politiet sjekka registreringsnummeret kom dei fram til Odd Willy Aadland. Han kunne opplyse at han ikkje hadde lånt vekk sykkelen. For alt han visste stod den trygt i Florø. – Det er kjipt at ikkje ting får vere i fred, seier Odd Willy Aadland til Firdaposten men legg samstundes til at hile episoden er vanvittig. – Det er nesten litt komikk i dette. Ungdomane har i alle fall hatt ein kald oppleving, legg han til. Begge ungdommane sit no i arresten i Bergen, og ventar på å bli transportert til Florø. |