MC folket viser krefter

Motormiljøet i Flora er verkeleg i ferd med å samle kreftene.
Firdaposten  13.03.2009,  Av  Olav Hatlemark

Foto Dag Frøyen

Mellom 80 og nitti personar møtte fram i Samfunnshuset til folkemøtet om eit anlegg for Mc folket i Florø onsdag. Her var både mopedinteresserte, ATV-folket dei som held seg til radiostyring, men og innslag dei som likar best å svi bildekk. Ordførar i Ungdommens bystyre, Erlend Bøe og kompisen Elias Grønsberg, hadde invitert til møtet.

Ressursgruppe
– Eg er veldig nøgd. Engasjementet er stort. Vi fekk vise at det står mange bak som vil samle motorsportsmiljøet. No skal vi og gå i gang med ein underskriftskampanje for å finne eit område, seier Bø. Møtet oppretta det Bø kallar ei ressursgruppe med 16 medlemmar som no skal prøve å føre arbeidet vidare.

16 medlemmar
Bøe skal kalle inn. Elles vart det ikkje peika ut nokon leiar for gruppa i denne runden. Medlemmene i ressursgruppa er: Roy Standal, Christian Lofnes, Geir Thomas Øren, Karl Martin Hennøen, Arve Furesund, Morten Lund, Isabella Flister, Elias Grønsberg, Ørjan Sundal, Reinhardt Dankertsen, Aslak Holmen, Atle Kvellestad, Hallgeir Helland, Ole Christian Rynning, Jarle Sundal og Erlend Bøe.

Baneplass?
Naturleg nok var plassering av bane det store temaet. Både Grov, Botnastranda og Purkehola var framme i diskusjonen. Botnastranda kan framleis vere det mest aktuelle sidan eit område mot det nye hestesenteret her alt er regulert til motorsport i kommuneplanen.

Gass og tid
Gassen som heile tida vil leke ut av Purkehola kan gjere den mindre aktuell. Om det blir slutt for Purkehola som avfallsplass vil området likevel krevje omregulering som kan komme til å ta tid, opplyste Åge Larsen, leiar for plan og miljø i Flora kommune. Også formannskapsmedlem Ole Christian Rynning og tidlegare bystyremedlem Hallgeir Helland kom på møtet. Dei to siste blir også med vidare i ressursgruppa.

 


Florø MC Klubb 
40år.
1976 til 2016
 

Boks 272,  6901 Florø
E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no
, Facebook:

Sist oppdatert av © FMCK  29 april 2016