"Woodoo profeten Åge"
Ikkje alle var like positiv til utekonsertane med Åge i 1984 og 85. 
Ein person i Florø prøvde på alle måtar å stogge konsertane. Skulda MC klubben for mord, sa opp alle kontoane sine i Sparebanken Flora Bremanger, og  sendte dette brevet til:
Sparebanken Flora Bremanger, Flora Kommune, Sogn og Fjordane Kulturstyre. Lensmannen i Flora,  Politimeisteren og  Flora Kultur styre

Til

Flora Bremanger Sparebank,  
Flora Kommune v/ordføraren.

Underteikna viser til div. samtaler ang. rockekonsert eller meir eksakt den offisielle opningsseremoni for voodooismen i Florø og Sogn og Fjordane, Planlagt torsdag 14. juni.

Dette vert teke opp av den grunn at same seremoni vil ha kollosalt skadeleg effekt på heile omgivingane, spesielt då med tanke på ungdomen som vert bedragersk lurt dit av vaksne personar som burde vite betre.  - Kva her med eksempelets makt?

Refererer her ikkje til eige human ego meineri, men til ”The Science of the Spoken Word” (vitenskapen om det sagde ord) som er ”Ascended Master Science” (Oppstegen Meister Vitskap) som ser mennesket i heilheit, då også sjølvsagt den Guddommelege side, rein religion og vitskap som eit heile.

I motsetning til ortodox “vitskap” som berre ser litt av den fysiske side og har gjort den som høgborg for det humane ego.

Vitskapen om ordet er i dag intensivt brukt negativt av dei negative krefter i aksjon ved perversering av ord, lyd og rytme og som ved nemnde sermoni får sitt manifest i Florø, ved voodoo, satankult, kynisme.

Dette er ikkje tome ord på bakgrunn av det dette er kalkulert til å utrette og som alltid er resultatet.

Her kort ein liten del av det:

Det heile sentrerar seg om idol (avgud) dyrking som resultat av at ansvarlege i samfunnet ikkje har sett fram ideal som det kan arbeidast mot.

Desse idol er del fallne som har spolert og ikkje har sitt Guddommelege lys lenger, men må stele det, voodoo ved rock, jazz  o.l. er middelet. Som teknisk sett via perversjon av moder (mater) rytmen i dei sju hovedchkraer (energisenter) grunnlaget for fysisk manifestasjon,  kan  tappe desse sentera. Her er ein vitne til at det Guddommelege lys ikkje berre vert forsøla, men brukt mot må1 som planetar kataklysm.

Som banken her har planlagt med forsterka lyd og med forspegla tusenvis av ungdomar inntuna til perversjonane, uunngåeleg vert til den største åndelege katastrofe i Florø til dags dato.

- Korles skal banken og arrangørane handtere effekten og ansvaret for det som her skal skje? Eller har dei kopla ut loven om Årsak og Virkning?

Dei unge jenter går det verst ut over, når energien som vert stolen rutsjar gjennom energisentera  og gjev sensuell nyting til dei i mange tilfeller besvimer, då er formåla fullt ut oppfyllte.  Dei er regelrett voldtatt og rangerer blant dei største forbrytelasne som nokon gang

er begått mot menneskeheita. Neste dag er dei nærmast på skraphaugen som åndeleg vrak.

 —Er det dette mødrene i Florø og Sogn og Fjordane skal satse framtida på?

Er det tilfeldig at spesielt rock perverserer halschakraen, sjølvaste kraftsenteret for det sagde ord? At den er den opne dør til narkotikabruk?

Styrande i Flora, korleis skal ungdomen forstå og nå  Idealet, det Reale Sjø1v, Krist Sjølvet når livsenergiane er spolert?

Til dei same styrande, i middelet er målet, rock, voodoo er dødsrytmen, død av sjela er det kalkulerte mål for den.

Her er mulegheit for å demonstrere andre og betre mål ved å avlyse rocken, sende Alekanderen heim og evt. skaffe positiv musikk. For så sidan ta opp vitenskapen om det sagde ord og undervise ungdomen i den i positiv forstand.

Om det no kunne oppfattast litt sant i det som her er sagt, skulle då ikkje då ungdommens vel kome først og bankens prestisje sist?

På vegne av de mange som berre på ein slik måte kan kome til orde.

XXXX   XXX 
ZZZZZZZZ 
6900 Florø

   
Kopi:
Sogn og Fjordane Kulturstyre. 
Lensmannen i Flora  
Politimeisteren 
Flora Kultur styre


Florø MC Klubb 
34 år.
1996 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  13 februar 2010