Flora-politikar foreslår Purkehola som motosportarena.

– Purkehola må vel vere eit bra område for ei bane for motorfolket, trur Ole Christian Rynning, Sp sin mann i Flora formannskap.
Firdaposten  06.03.2009,  Av Olav Hatlemark
Foto Olav Hatlemark : SNART SLUTT: - Purkehola burde eigne seg bra til bane for motorinteresserte, når det som ser ut til at styremaktene ikkje lenger vil godta slike fyllanlegg, seier Ole Christian Rynning (Sp).
Han leverer forslaget vidare til ungdomsordførar Erlend Bøe og Ungdommens bystyre, og oppmodar dei som er engasjerte til å nytte sjansen til å søkte pengar i tide og få laga banene på billegaste vis med haugar og hopp i samband med at heile plassen snart blir dekt til for siste gong.

Alt tyder på at Purkehola om kort tid ser sine siste dagar som fyllplass. Kanskje alt til sommaren kan Fylkesmannen setje full stopp for drifta av sjølve fyllplassen.

Saman med allestadsverande Aslak Holmen i Florø MC klubb skal Bøe og kompisen Elias Grønsberg prøve å mobilisere til stort møte for moped- og motorinteressert ungdom i Flora samfunnshus førstkomande onsdag den 11.

– Vi ønskjer innspel. Miljøet av unge som vil mekke og er interesserte i motorsport i Florø er stort. No er det snart nok for dei som sparkar fotball, seier Bøe.
 
 


Florø MC Klubb 
40år.
1976 til 2016
 

Boks 272,  6901 Florø
E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no
, Facebook:

Sist oppdatert av © FMCK  29 april 2016