| Mellom 80 og nitti personar møtte fram i Samfunnshuset til folkemøtet om 
		eit anlegg for Mc folket i Florø onsdag. Her var både mopedinteresserte, 
		ATV-folket dei som held seg til radiostyring, men og innslag dei som 
		likar best å svi bildekk. Ordførar i Ungdommens bystyre, Erlend Bøe og 
		kompisen Elias Grønsberg, hadde invitert til møtet. Ressursgruppe– Eg er veldig nøgd. Engasjementet er stort. Vi fekk vise at det står 
		mange bak som vil samle motorsportsmiljøet. No skal vi og gå i gang med 
		ein underskriftskampanje for å finne eit område, seier Bø. Møtet 
		oppretta det Bø kallar ei ressursgruppe med 16 medlemmar som no skal 
		prøve å føre arbeidet vidare.
 16 medlemmarBøe skal kalle inn. Elles vart det ikkje peika ut nokon leiar for gruppa 
		i denne runden. Medlemmene i ressursgruppa er: Roy Standal, Christian 
		Lofnes, Geir Thomas Øren, Karl Martin Hennøen, Arve Furesund, Morten 
		Lund, Isabella Flister, Elias Grønsberg, Ørjan Sundal, Reinhardt 
		Dankertsen, Aslak Holmen, Atle Kvellestad, Hallgeir Helland, Ole 
		Christian Rynning, Jarle Sundal og Erlend Bøe.
 Baneplass? Naturleg nok var plassering av bane det store temaet. Både Grov, 
		Botnastranda og Purkehola var framme i diskusjonen. Botnastranda kan 
		framleis vere det mest aktuelle sidan eit område mot det nye 
		hestesenteret her alt er regulert til motorsport i kommuneplanen.
 Gass og tid Gassen som heile tida vil leke ut av Purkehola kan gjere den mindre 
		aktuell. Om det blir slutt for Purkehola som avfallsplass vil området 
		likevel krevje omregulering som kan komme til å ta tid, opplyste Åge 
		Larsen, leiar for plan og miljø i Flora kommune. Også formannskapsmedlem 
		Ole Christian Rynning og tidlegare bystyremedlem Hallgeir Helland kom på 
		møtet. Dei to siste blir også med vidare i ressursgruppa.
 |