Sons of democracy
Florø MC klubb 40 år

Firdaposten: 04.06.2016 Tekst og foto: Heidi Hattestein

I Florø MC-klubb er alle velkomne. Uansett kor mange støttehjul du har.

– Vi er blitt 40 år og har overlevd – og alt imellom, seier Dag Magne Knapstad.
Fylkets eldste sykkelklubb feirar 40 år i helga.
Klubben blei grunnlagt av Geir Gåsøy og Atle Kvellestad ein septemberdag i 1976. Det skjedde i eit lånt klasserom på Flora ungdomsskule.
40 år seinare er vi samla rundt eit bord på klubbhuset ved Helgøytunnelen, alle med kvart sitt kaffikrus. Det oppstår misforståingar rundt fornamnet Geir. Det er Geir Gåsøy, og altså ikkje Geir Bareksten, som starta klubben i si tid.
– Geir Bareksten er medlem nummer 36, han kom med først i 1978, seier Roy Olsen.
– Hæ? Går du rundt og veit slikt?
– Ja, det er slikt eg har i hovudet, seier den noverande leiaren.
– Vi starta klubben fordi det var så mykje idiotkøyring på den tida. Alle med hjelm på hovudet blei skorne over ein kam. Vi ville få system på ting og få ned talet ulykker, seier Gåsøy.
Alt var litt røffare på 70-talet. Bikerane reiste oftare på treff, gjerne på 50-kubikkarar heilt til Molde, null problem.
– Vi ville samle sykkelinteresserte under vengene til klubben, seier dei.
Og her er vi ved kjernen. Det er eit brorskap i MC-klubben. Eller eit søsterskap, om du vil. Miljøet er raust. Om du går kledd sånn eller sånn (under vesten), det speler inga rolle. Berre du er kledd. Det er samhald, felles interesser og turar i lag.
– Ein del folk som har slite i andre miljø, finn seg til rette her i MC-miljøet. Vi tar vare på kvarandre. Det er mykje forskjellige slags folk her, seier Roy Olsen.
I klubben er det alt frå uføretrygda til lokalpolitikarar. Og til og med kvinnfolk.
Slett ikkje alle MC-klubbar slepp inn kvinnfolk som noko anna enn ryper, sothøner og properties. Men i Florø MC-klubb har det vore jenter med frå starten, på lik linje med gutta.


Vi er ikkje ein 1 %-klubb, men ein 99 %-klubb.
Det er enkelt å bli medlem. Det finst berre nokre få reglar: Ein må ha eigen sykkel, vere 16 år og ha eit snev av normal folkeskikk. Det siste gjeld ut på natta også. Viss du er ein brautande tulling, har du ingenting her å gjere.
– Ein biker er ikkje ein A4-person. Vi har jobb, familie og forplikting

Biker
Heldigvis har ikkje Florø MC-klubb mista nokon på vegen i si 40 år lange historie. Birgitte har også eit ekstra hjul. På grunn av utfordringar med balansen kan ho ikkje køyre ein vanleg sykkel, difor har ho skaffa seg ein Can-am Spyder TR Touring. På tre hjul går det heilt fint. Litt erting for «støttehjulet» må ho tole, men MC er det like fullt.
– Eg hadde to val: Sitte bakpå med Roy resten av livet, eller køyre sjølv. Det var min store draum å ta lappen på sykkel, seier ho.

Olav tveranger er klubbens eldste medlem. Han køyrer ein grøn Victory Magnum Cross Country.
– Det er ‘litt’ irriterande at den heiter det same som ein Volvo, men ok. Olav er eitt av to æresmedlemmer,
Dag Magne Knapstad er den andre. Dei har utmerka seg med spesielt stor innsats for klubben.
– Dei fleste bikerar har møtt Olav på vegen eller på treff ein eller annan stad, fortel dei andre.
– Han er den som har flest kilometer bak seg. Han er ei legende i MC-miljøet. Når han går av sykkelen for godt, må vi nok berre mumifisere han og henge han på veggen.
Marco Lyngstad er klubbens yngste. Han har lappen på lettmotorsykkel, og held på med den gromme MC-lappen på tung sykkel. Han køyrer ein Honda Shadow VT125.

– Delar av MC-miljøet lokkar til seg kjeltringar som køyrer rundt med vest og ser tøffe ut, seier han og held fram:
– Det er annleis med Florø MC-klubb. Klubben bidrar til samfunnet. Det har eg respekt for, og eg vil gjerne vere del av eit positivt MC-miljø. Faktisk var det MC-klubben som i si tid sette Florø på musikkartet.

Allereie i 1979 begynte dei å arrangere konsertar. Det var på den tida det framleis var vanleg med dans på lokalet.
– Vi booka dei mest populære banda i Norge, men også band på veg opp. Åge Aleksandersen har vore her 22–23 gonger i regi av MC-klubben. Han spelte blant anna på 20-årsjubileet vårt. Han har køyrt sykkel sjølv,
men blei vel aldri nokon stor motorsyklist, fortel Dag Magne Knapstad.

Åge Aleksandersenkonserten på Florø stadion med 3500 betalande publikummarar er legendarisk. Det svarer til
ein tredel av Floras befolkning. I gullalderen var det konsert stort sett kvar fjortande dag: Unit Five, Saturday Cowboys, Henning Kvitnes, Mods, Stavangerensemblet, Terje Tysland.
Alle dei store norske.
MC-klubben brøyta veg for det som i dag er Rockeklubben, det er stort sett dei same folka som står bak. Per Vidar Ottesen mellom andre, han brukte å vere medlem av MC-klubben.
Men så tok det slutt. – Diskomusikken kom, og dans på lokalet blei ut. Og så begynte det vel å bli ein
viss slitasje på folka som stilte opp heile tida.

i 19 år har dei hatt klubbhus ved Helgøytunnelen. Før det heldt dei til midt i Strandgata, i kjellaren på Sande-huset.
Bikerane var meir synlege i bymiljøet. Det gjekk ikkje ein dag utan at folk hang rundt på klubbhuset, mekka litt på
ein sykkel, eller taut over ein kopp kaffi. – Det var ei god tid. Nostalgiske sukk.
Florø MC-klubb har bidratt til samfunnet, synest dei. Men kan det hende at annleisheita som knyter dei i hop, også held dei utanfor det gode selskap?
– Saman med Sparebanken Sogn og Fjordane gav vi 150.000 kroner til Havhesten.
Verken vi eller banken blei gjort ære på ved opninga, vi var ikkje eingong inviterte. Det var takka, seier dei.
Om banken drukna i motorbrølet, kan ein berre spekulere i. Kommunens eminente grå tok i alle fall all æra, slår bikerane fast. Og så er det endå meir ram latter.


Tekst og foto: Heidi Hattestein

Skriv ut denne  teksten i PDF format

 

 

 

 

Til ordinær heimeside


Florø MC Klubb 
40år.
1976 til 2016
 

Boks 272,  6901 Florø
E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no
, Facebook:

Sist oppdatert av © FMCK  29 april 2016