| 
        
          
            | Bråka og 
      brølte for eiga bane |  
            | FLORØ: Det brumma og brølte. Eit tjuetals ungar sleppte seg laus på lågt 
gir på motokross køyrety på Sørstrand laurdag. Slik kan det komme til å låte i 
nabolaga om dei ikkje får si eiga motocrossbane. |  
            | Firdaposten: 02.12.2004  Av, Olav Hatlemark |  
            |  |  
            | KAN BRÅKE: Dei er mange og kan lage mykje lyd, gjengen frå 5-13år, 
              som er
              klare til å begynne med motokross i Florø. No ønskjer dei seg ei 
              bane der
              dei ikkje sjenerer andre: Framme frå venstre Adrian 
              Skånevik, Gunn Helene
              Fidjeland Alexander Fidjeland, Olgeir Eide Sundal, Robert Frøyen 
              Høivik,
              Christian Gjertsen Kvellestad, Vebee, Anders Bo Sørensen og Erlend 
              Bøe (på
              fire hjularen).
 Neste rekkje, frå venstre: Ann Charlotte Kvellestad, Linn Kristine
              Kvellestad, Mathilde Bauge, Terje Havn, cross-sjef Aslak Holmen og 
              Richard
              Eide Sundal. (Foto: Dag Magne Knapstad)
 |  
            | Dei gjorde ein enkel demonstrasjon for Firdaposten og indirekte 
              for Flora
              kommune. Det kan bli mykje lyd både her og der, om ikkje kommunen 
              kan hjelpe Florø MC klubb med å finne ein avskjerma plass til ei bane for 
              motokross.
 
 Vanskeleg å sove
 Var det nokon som prøvde å få seg ein ettermiddagslur på Sørstrand 
              etter ei
 lengre og heftig fredagsnatt, trur vi ikkje at dei hadde særleg 
              sjanse til å
              få sove. Ungane køyrde rundt og rundt på grusvegane og litt inn i
              skogholtet. Utan eiga bane å avreagere på, vil nok mang ein hekta 
              motokross
              entusiast lure seg til i eige nærmiljø, så det vil høyrest.
 
 - Vi ønskjer også å vise at interessa er stor, seier Florøs 
              variant av
              sjefen over alle sjefar, Aslak Holmen. Denne gongen hadde Aslaken 
              bytta bort
              turndrakt, trommer og surfebrett med MC dress for å hjelpe til med 
              å gje
              motor- og fartsglade barn og ungdom eit nytt og godt tilbod. Med 
              seg på
              laget har han ein bra flokk foreldre. Dei stod parate i 
              bakgrunnen. For til
              forskjell frå anna idrett, må barna som skal drive motokross 
              alltid ha ein
              far med seg når dei trenar, eller litt meir sjeldan, ei mor som 
              kan hjelpetil og forsikre om at poden eller jenta køyrer både balansert og 
              fornuftig,
              sjølv om det skulle gå unna i svingane. Fleire av foreldra var 
              også med på
              instruktørkurs i Eikefjord nyleg. Og skulle nokon vere i tvil om 
              den meir
              varige nytten?
 
 God trenging
 - Motokross gjev god trening i balanse. Det krev god kondisjon og 
              ungane får
 god trening i å forstå trafikkbildet, forsikrar Holmen og Asle 
              Skaanevik,
 den siste er ivrig far og ein av dei andre kvalifiserte 
              instruktørane i
 Motokrossidretten til MC klubben
 
 Dei har gitt opp forsøket med å få bruke eit område i Botnastranda 
              til
              Motokross. Her blir leiga for dyr. I tillegg vil det koste eit par 
              hundre
              tusen å opparbeide sjølve bana. Det blir for mykje, meiner Holmen. 
              No har
              dei sendt ein ny søknad om eit muleg alternativ i Gunhildvågen 
              Sør. Men
              skulle der vere andre alternativ godt skjerma frå busetnaden, men 
              samstundes
              ikkje altfor langt frå sentrum, er dei framleis opne for det.
 
 Olav Hatlemark 
              57757305
 olav.hatlemark@firdaposten.no
 |  
            | Mer om knattecross Ønsker dere å lese litt mer om knattecross, så anbefaler eg 
              heimesiden 
              http://www.knattecross.no Her finner dere alt fra regler til 
              kjøretips.
 |  
            |  |  |