| Bremanger-gruppa Spik Adel har etterkvart fått mange fans her
                på Vestlandet.  Gruppa vann Fylkestoppen i NRK Sogn og Fjordane i
                fjor med
                låta "Tear Stained Eye", opprinneleg ein Son
                Volt-melodi. Spik Adel er eit lokalt ord for den delen
                av trevirket som er metta av kvae, slik at det held seg like
                godt medan tida ruller vidare.  Dette er eit godt bilete
                på musikken til Spik Adel. som er sterk vedvarende rock'n roll frå 70 og 80-tallet, med røter i folkemusikk,
                blues og moderne contrymusikk.  Inspirasjonskjelder er forøvrig The Band, Van Morrison, Bob
                Dylan og Creedence Clearwater revival, og låtar frå bl.a.
                desse står også på repertoaret til Spik Adel
                 Med årelang erfaring og vedvarande kjærleik til den
                musikken dei framfører, leverer Spik Adel dei edle varene med
                "trøkk", overtyding og eleganse.  | 
            
              | Musikarene i Spik Adel har lang fartstid frå mange ulike band
                innan pop, rock blues og jazz.  Mange har og brei
                erfaring  frå korprosjekt, klassisk musikk, storband og
                revyunderhaldning. Spik Adel består av: 
                  
                    
                      | Norvall Klungresæter | div gitarar og sang |  |  
                      | Einar Nesbakk | gitar, slidegitar, sang |  |  
                      | Roger Igland | bass |  |  
                      | Helge Førde | trommer |  |  
                      | Jarle Grotle | orgel, piano, sang |  |  |