Vestkysttreff på Storebru.

Når Florø MC klubb i helga arrangerer "West Coast Meeting" for tjueførste gong, skjer det på Storebru, som for 20 år sidan. 

FIRDA  5.  mai 2001,  Av: Haald Bratland Carlsen


VESTKTST-TREFF Torgrim Larsen (t.v.) Rune Ekhaug, Dag Magne Knapstad, Terje Stene og Olav Tveranger i Florø MC klubb inviterer til motorsykkeltreff på Storebru i helga.  Alle er velkomne uansett kva sykkel dei kjøyrer.
Foto: Knut Magnussen 
Dermed er vi tilbake der vi starta, seier Dag Magne Knapstad som sjølv var tilstades då treffet vart arrangert første gong i 1981.

Treffet har samla motorsyklistar på tre ulike plassar etter det. Osen, Stavang, og dei siste åra er det Stavøya som har vore samlingsplassen.

13 hytter.

-- Men på Stavøya har det berre vert mogelig å overnatte i telt, og det kan nok ha ekskludert ein del potensielle deltakarar, seier Knapstad.

Ved Sunnfjord Hyttegrend og Camping på Storebru kan Florø MC klubb by treffdeltakarane på 13 hytter i tillegg til Teltplassar. --- og skulle vêret verte dårleg, disponerer vi 4 stk party-telt på til saman 250 rutemeter, seier Knapstad. Vel så viktig er det at det på Storebru også vert tilgang til skikkelege toalett- og dusjforhold.

--- Folk stiller høgare krav i dag og dermed vert det viktig med slike fasilitetar, legg Knapstad til.

Minst 150.

-- Under treffet vert det laurdagen fellestur til Florø og konkurransar, og ut på kvelden spelar Bremangergruppa Spik Adel. Dei siste åra har 100-150 personar delteke på treffet kvart år, og Knapstad meiner at det under arrangementet er lett å komme i kontakt med andre motorsyklistar.

-- Vi ventar deltakarar frå heile landet, men fleirtalet kjem nok frå Sogn og Fjordane og nabofylka i nord og sør. Vert vêret godt kan vi håpe på minst 150 deltakarar seier Knapstad

Haald Bratland Carlsen
Firda 5.  mai 2001  


Rigging og planlegging av treffet.
Foto Dag Magne Knapstad
 

Sjå treff innbydinga

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010