FLORA SAMFUNNSHUS.  
Danse-stopp!  

Danseglad ungdom i Flora må finne seg eit anna tilbod enn dei vanlege dansane i Flora Samfunnshus. Orkestera har blitt svært dyre. Ungdomen møter berre opp når dei mest populære banda spelar til dans. I tillegg har politiet sett fram krav om skjerpa vakthald og overtidsbetaling for to politivakter. Dette bar fått begeret til å flyte over for danse tilskiparane. I år har ikkje ein einaste av dei vanlege danse­arrangørane meldt si interesse for å halde dans.  Før var leigeboka til Samfunnshuset vore fullteikna av interesserte dansearrangørar.  
Firdaposten 27. Januar 1983

Sølve Giil

Ekstrakostnadene danse til­skiparane må ut med som overtidsbetaling til politiet er omlag dei same som ein arrangør får kunne rekne med i overskot.  Ingen  er interessert i å halde dans når dei ikkje kan tene pengar på det. Politiet krev 1000-1200 kroner som overtidsbetaling for politivaktene. Ungdomane  har ikkje lenger noko tilbod om dans i samfunns­huset.  Lag og organisasjonar taper penge til drifta av aktivitetane sine,  kommunen taper leige-inntektane frå dansane, og familien Gill sam driv kafeen i Samfunnshuset har så store uven­ta inntektstap på grunn av danse­stoppen, at dei kanskje må gi opp kafé .drifta. Dette er altså resultatet.

— Det blir no slutt på dei faste inntektene våre, seier Dag Knapstad som er talsmann for Florø MC klubb. På lenger sikt kan det stoppe aktivitetane i klubben vår. Vi har få andre sjansar til å andre inntekter, Motorsykkelklubben har vore den flittigaste tilskiparen av dansar på samfunnshuset siste året. På dansane har inntektene variert mellom 500-3000 kroner på ein kveld, fortel Knapstad.

- VI hadde programmet klart for heile våren då vi fekk vite om krava frå politiet. Planane våre måtte vi berre kaste.

Betre enn ryktet. 
Knapstad meiner dansane i Flora er betre enn det rykta seier. Han karakteriserer dei som mellom del rolegaste i heile fylket.

For mange har dansane stor sosial verdi, sjølv om det alltid finst del sam misbrukar tilbodet. Dei som lagar bråk kan vi telle. på to bender.  

I motorsykkelklubben har vi i alle høve satsa på godt vakthald. Kravet frå politiet har vore minst 6 vakter. Vi har ikkje arrangert ein einaste dans utan at vi har ,stilt minst 10.    

Øydelegg tiltrua 
Knapstad synest elles det er rart at politiet som utføre offentlege tenester kan pålegge private lag og organisasjonar a betale overtidstillegg for sine eigne teneste folk.

Politiet kan øydelegge si eiga tiltru med denne saka, meiner han. Det at arrangørane har ringt politiet om hjelp har vore uttrykk for tillit. Det kan synast sam om dette no slår attende på oss sjølve.

Festane blir no flytte frå sam­funnshuset til gatene og private heimar og når våren kjem til åsen.. Knapstad er ikkje så viss på at summen av bråk og fyll blir noko mindre sjølv om det blir meir spreiing..  

Mindre å seie 


Odd Linset

— Eg ser ikkje så mørkt på det om dansane med den forma dei har hatt på samfunnshuset i Flora skulle forsvinne, seier Odd Linseth, formann i kontaktutvalet for idretten i Flora og friidrettsgruppa til Flora Turn og I.L. Dansane har hatt lite å seie for dei fleste lags sin økonomi.  Men tapet vil ramme dei få organisasjonane som har grunna sin økonomien sin på dansane.

Orkestera har  også vorte så dyre at det er lite pengar å hente på å arrangere dans. For laga er det lettare måtar å tene pengar på enn å stille 10 vaksne vakter ein heil kveld for å tene. 1.000,- kroner. Då blir det ikkje mykje pengar att for innsatsen.

Inntektstap
For kvar dans som ikkje vert halden taper kommunen 1500 kroner i husleigeinntekter, minus ekstra vaskeutgifter, opplyser vaktmeister Erling Husabø. ved Flora Samfunnshus. Sjølv har han forståing far at politiet vil skjerpe vakthaldet. Det store problemet har våre for dårlige vakter, seier han.

For oss er dette eit spørsmål om å være  eller ikkje være, seier Sølve Giil som saman med kona driv kafeen i samfunnshuset. Utan dans får vi eit brutto tap på rundt 5000 kroner i månaden i høve til det budsjettet vi har sett opp. Sam familieverksemd utan ekstra hjelp har vi lagt dette stramt opp. Gill meiner seg å ha fylgt godt med på danne i Flora Samfunnshus gjennom mange år. Han gjev dei karakteren normale.

Mitt Inntrykk or faktisk at dansane våre har blitt rolegare, det er mindre fyll og bråk no enn kva det var for nokre år sidan, seier han.  

Sjå også andre saker om dette emnet:

Danse-stopp saka

Vil danse Start Dyre band

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010