Danse-stopp!  
For dyre band

Bakgrunnen for at politiet krev skjerpa vakthald og overtidsbetaling er bråk og fyll i området rundt Sam­funnshuset, opplyser overbetjent  Jan Andreas Olsen ved Fjordane politikammer. 

Firdaposten 27. Januar 1983


Fan Andreas Olsen

Vi har fått klagar frå. naboane og då pliktar vi å gjere noko for å halde orden. Olsen vil ikkje seie at det har blitt meir bråk ved dansane i Florø.  Situasjonen har vore den same i lengre tid, men vi kan ikkje tolerere det lenger. Han vil heller ikkje seie at det er verre i Flora enn andre stader. 

Olsen vil ikkje være med på at det er politiet sitt krav om overtidsbetaling som er bakgrunnen til at ingen no vil arranger dans.  

—Orkestra er blitt for dyre. In­gen kan i dag drive dansa med overskot. Olsen  som også er tillitsvald i FSK viser her til eit arrangement Sportsklubben hadde med alt kjent orkester i haust, - utan politivakt vart underskotet på 13000 kroner.

Politiet har også registrert at det har vore rolegare i gatene i Florø etter at det blei slutt på dansane. Enno har det ikkje synt seg at dansestoppen på Samfunnshuset  har spreidd bråk til andre stader i byen.

—Skuleungdomane reisar ofte hein i helgane.  Vi har dei to dansestadene, hotellet og Windjammer. Det er heller dette saman  med dei dyre banda som er årsaka til at det ikkje. kan bli overskot ved dansearrangementa i Samfunnshuset, meiner Olsen.

Næraste naboen: 
Ingen naud av danseståket

Eg les i Firdaposten at  politiet har fått klage frå naboane til Flora Samfunnshus om bråk utafor bygget i samband med dansane.

Som næraste nabo til Samfunnshuset lyt eg få seie at vi alle høve ikkje lid noko naud av dette bråket.  Vel kan det vere litt ståk utafor Samfunnshuset ein halv time etter at dansane er slutt, men det er ikkje verre enn at vi søv like godt. Og ein stad må ungdomen få vere, seier Johan Nekkøy - næraste naboen til Samfunnshuset

Sjå også andre saker om dette emnet:

Danse-stopp saka

Dansestopp Start Vil danse

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010