Danse-stopp saka!  
Vi vil Danse

  Det er fælt, dårleg gjort og kjedeleg at vi ikk­je får danse på samfunns­huset, slår Kristine Steinseth (16 år), Torstein Moe (17 år), Irene Bjerck (16 år) og Dag Rune Nygård (16 år) fast.  
Firdaposten 27. Januar 1983

Vi saknar dansane i Flora Samfunnshus, seier:  Dag Rune Nygård og Kristine Steinsets
Lite tilbod 
For oss i aldersgruppa mellom 10 og 19 å er det no ikkje stort anna å ta seg til i helgane enn å gå på privat­festar, eller reke rundt i gatene etter at det no er slutt på dansane på samfunns­huset.  

Det er overdrive at det føregår så mykje negativt på Samfunnshusdansane  Dansane i Florø er rolegare enn mange andre stader, meiner dei fire.

Det kan likevel gå med på at vakthaldet kan bil betre. Men politiet treng ikkje vere tilstades. Med eldre og myndig. personar vil vakthaldet bli bra nok. — Det sam vil lage kvalm, bryr seg ikkje om at politiet er der.

Ungdomane i Flora kjenner politifolka så godt at dei ikkje bryr seg stort meir ein om dei har andre vaksne vakte. Men politiet må kunne kallast opp om det trongst. Dei treng berre ikkje å være der heile tida.    

Dans er positivt.
— Det store fleirtalet går på dans for å treffe andre ungdomar, danse og høyre på musikken. På dansane er der sjansar til å bli kjend med nye folk. Utan dansane vil der berre bli gjengar som samlar seg på privatfestar.

Her er korkje vakter eller politi, sjølv om det kan være like mykje trøbbel på slike festar som på Samfunnshus dansane. Ved dei offentlige dansane får også nytilflytta ungdomar ein sjanse til a kome inn i miljøet. Der blir ikkje ungdomen splitta så mykje opp i gjengar som andre stader, Meiner Kristin., Torstein, Irene og Dag Rune.

Dansane er klart positivt for dei fleste ungdomar.

-- Vi  tørnar utan dans.  — Det må bli dans att!

Forresten er det ikkje alltid så mykje betre det som føregår på hotellet blant dei som er eldre, avsluttar del fire som alle er elevar ved Flora Vidaregåande skule.  


Vi vil dabse: Torstein Moe og Irene Bjerck,
Sjå også andre saker om dette emnet:

Danse-stopp saka

Dyre band Dansestopp Fleire bitar

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010