2000 tilhøyrarar storkoste seg.
Møtet med Åge var fantastisk.  

Den beste spelejobben eg bar hatt på lenge. Age Aleksandersen var ikkje i tvil, han hadde kost seg i Florø. Striregnet over byen klarte ikkje å spolere kvelden verken for Aleksandersen & Sambandet, eller del driftige arrangørane, Flora Bremanger Sparebank og MC­-klubben. Og publikum møtte opp. I overkant av 2000 menneske var samla rundt musikkpaviljongen torsdag kveld. Album frå Florø varma opp med god og variert musikk. Dei gjorde sitt til at stemninga var på topp frå byrjinga.  

Firdaposten 23. juni.1984,  Roald Orheim og Olav Hatlemark

Stor stemning framfor sena.
Heiarop
Age Aleksandersen gjekk på scena til taktfaste rop frå publikum, og særleg frå den yngre tilhengarskaren i fremste rekke. Frå han slo første akkord på gitaren var publikum med. ”Hvis du rekke ut ei hand”,,, ”Regnbuen og luftslottet”,  ”Fire pis og en pizza”», er alle kjende låtar sam fengde. Det sju mann sterke Sambandet såg ut til a ha det triveleg, sjølv om regnet skylte inn over scena den første delen av konserten.

Fin saksofonist  
Bjørn Røstad heldt ei fantastisk oppvisning på saksofon på norsktoppmelodien om pis og pizza. Røstad kunne også bruke stemma og var vokalist i "Blue moon of Kentucky",. Då svinga det blant publikum. Små nasjonalflagg blafra i kveldsbrisen, ja, vi registrerte også eit par ivrige krykker i lufta.

"Æ like itj" var også ein fulltreffar. Aleksandersen hadde sett saman eit variert repertoar. Låtar frå den siste platesuksessen "Levva livet", (selt over 200.000 eks.), utgjorde hovudtyngda, men eit par Bob Dylan melodiar var det også funne plass til. Aleksandersen er ikkje blitt kjend over natta, så han bar eit rikhaldig lager a hente melodiar frå. "Suttekluten", "Han va sju", "Lyst te å dans med dæ" og "Rio de Janeiro" er alle frå tidlegare LP’ar. Folk song med, og vanskar med å følgje teksten, opplevde vi ikkje. "Lys og varme" avslutta konserten. Det var ei oppleving a sjå publikum sin respons på denne låta.  

Ekstranummer
Åge, Åge, Åge! Publikumsfavoritten slapp ikkje unna utan ekstranummer. Med "Levva livet" sa han og Sambandet takk for seg. Ei minnerik stund på to timar var over.  Etter ein høyringsrunde blant publikum kan vi utan vidare slå fast at konserten var ein fulltreffar, og truleg vil framstå som sommarens høgdepunkt i Flora.    

 

Album skapte topp stemning 
El fantastisk oppleving, seier Ove Semshaug i Album som varma opp for Aleksandersen. Gruppa fekk bruke PA-anlegget til Sambandet, dvs. at Album stilte med eigne instrument, men fekk låne resten av anlegget. Både publikum og anlegget inspirerte oss, og vi løfta oss nok fleire hakk på dette. Album har utmerka seg med å bruke mange av Aleksandersen sine melodiar. Desse kutta vi ut denne gongen, sa Semshaug, som vedgår at Åge Aleksandersen er den store favoritten  

Pen sum til symjehallen 
Overskotet av billettsalet til konserten skal delast mellom symjehallprosjektet (75%) og MC-klubben (25%). På førehand selde Flora Bremanger Sparebank om lag 1500 billettar. På konsertområdet blei det selt 5-600 billettar. Kiosksalet gav også bra resultat. Kontorsjef Reiakvam i FBS har ikkje full oversikt over kor stort overskotet blir, når alle utgiftene er betalt. Men det er ikkje vanskeleg å skjøne at ein pen sum gar til symjehallprosjektet.

Paviljongen på feil plass? 
Paviljongen stod prøven med glans. Det same kan ei ikkje seie om området rundt. Fallretninga vender i frå paviljongen, og mange klaga over dårleg sikt. At paviljongen er plassert på det høgaste punktet i parken fekk uheldige utslag torsdag. Kan det gjerast noko med dette tru?  

Prikkfritt arrangement
Motarsykkelklubben var godt budd på storinnrykket. 50-60 vakter var på plass innanfor det store området sam var avsperra. Dag Magne Knapstad i MC-klubben melder om prikkfri gjennomføring av arrangementet.

Mannen bak ideen 
Svein M. Steindal er mannen å takke for at utekonserten blei røyndom. Steindal skisserte eit opplegg for MC-klubben og Flora Bremanger Sparebank, som partane ”tende”, på. Seinare har eit stort apparat vore i sving med planleggingsarbeidet.  

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1996 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  13 februar 2010