Overskot frå Åge Aleksandersen-konserten:
Svær sjekk til symjehallaksjonen

Fabelaktig - og den beste starten dei som skal arbeide med finansieringa av ny symjehall i Flora kunne få. Orda Cr Atle Trettevik sine då han på vegne av symjehallaksjonen to i mot overskotet frå Åge Aleksandersen-konserten i Flora i juni 
Banksjef Norvald Nydal drog litt på orda før han nemde summen i sju siffer. Kjempesjekke lydde på 32.195,45 kroner og gjekk rett inn på ein høgrentekonto i banken.

FIRDAPOSTEN 1984   

Fleire kjempesjekkar må nok til for at Flora kan få ein tidsmessig symjehall. Men ein svært god start var inntektene frå overskotet frå Åge Aleksandersen-konserten.  Atle Trettevik - glad leiar for symjehallaksjonen - Får sjekken av banksjef Norvald Nydal ved Flora Bremanger Sparebank.  Banken arrangerte konserten saman med Florø MC klubb.  Midt i biletet Dag Knapstad frå Florø MC klubb og kontorsjef Dagfinn Reiakvam ved Flora Bremanger Sparebank 
Symjehallaksjonen fekk 80 prosent av overskotet frå den største frilufts-rockekonserten som er halden i Flora. Til konserten (i pøsande regnvær) vart det selt vel 2.200 billettar.
Florø MC klubb som saman med banken arrangerte konserten av avkall på 5 av dei 25 prosenta av overskotet dei skulle ha av konserten og fekk altså 20 prosent til sine aktivitetar.
Symjehallaksjonen fekk også inntekter av brus, pølse og kiosksal i samband med konserten. Omsetnaden her var knapt 6.000,- kroner.

Litt spent var vi nok, - særleg på korleis den eldre delen av kundane våre ville reagere på at vi spelte rock og viste rocke-viedo i banken ei heil veke før konserten. Men kundane var tolmodige og konserten meir vellukka enn vi kunne håpe på, sa kontorsjef Dagfinn Reiarkvam i Flora Bremanger Sparebank, og såg slett ikkje bort frå at banken også i framtida kunne bli med og arrangere rockekonsert til ei god sak.

Linker:

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010