Chris Thompson, Himmelsk gitar og vokal

Chris Thompson og Mats Eriksen Band komplementerte kvarandre perfekt, og Haavebua var somme tider i fyr og flamme då klassikarar vart henta fram på konserten på Haavebua fredag 3. mai 2002.

FIRDAPOSTEN 7. mai 2002   Av: Dag Frøyen  tlf: 57757316

TO STORE: Mats Eriksen sin gitar og Chris Thompson sin vokal var verkeleg noko å oppleve.      Foto: Dag Frøyen 
Manfred Mann's Earth Band klassikarane "Davy's On The Road Again", "Blinded By The Light", "Mighty Quinn", og Bob Marley sin "Redemption Song" var alle på plass til ellevill jubel frå publikum. Men det skal seiast at Thompson sine nye låtar som han opna konserten med, så absolutt kunne stått på eigne bein.
Allsong 
Allsongen til dei gamle sviskene ljoma under tjærebreidde buabjelkar, og fleire gonger vart Thompson overraska over eit publikum som kunne tekstane. Thompson viste også kvifor han er ein vokalist dei store stjernene ønskjer i studio på platene sine. Rett og slett den beste rockevokalisten underteikna har høyrt i Florø. 
Gitarfenomen
Mats Eriksen er rekna for å vere ein av dei raskaste gitaristane i verda. Bergensaren med fleecejakke, joggesko caps og kort gitarreim, minner lite om Steve Vai, Yngvie Malmsteen, Joe Satriani og dei andre i gitargud-kategorien. At han er stor, viste han då han laga bakoversveis på luftgitaristane i lokalet med å trakterte gripebrettet med fingrane som styrtregn som treff eit blekktak. 
Moro for oss
Han let det vere med den sekvensen, og det var nok for å stadfeste verdsnivå. Moro for oss her på berget er at Florø-gitaristen Jørn-Lasse Førde Refsnes tidlegare har vikariert for gitarfenomenet frå Bergen. 
Sjølv om Chris Thompson flyt på fortida med Mannfred Mann's Earth Band, var han absolutt vital ved sidan av Mats Eriksen og band som gjorde denne fredagskvelden i Florø minneverdig. 

Dag Frøyen    57 75 73 16

Chris Thompson   Foto: Dag Frøyen 
Kvalitetsmål
Parameteret for kva som er bra musikk står å lese i kroppsspråket til dei røynde rockarane i Rockeklubben. Frå eit utval på 20-30 prosent av styret i rockeklubben dei siste 10 åra, gjorde vi desse funna fredag: 

1) Etter første låten var foten allereie med.
2) På andre låten sto alle og digga musikken. 3) På tredje låten hadde Thompson vist nok til å overtyde om kvaliteten.
4) Kommentarar: 
    - Faen heller, det her e' vanvittig bra. 
    - Han e' faen meg betre enn han var med Earth Band… han har dessutan faen meg betre musikarar no enn han hadde då han spelte for 70 000.
    - Det her e' enormt!
    - Hør på det her!…..fy faen, det her e' bra. Jævlig bra…..det svinga' som faen.

Mats Eriksen Foto: Dag Frøyen 

Se og forhands anmeldelsen

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
34 år.
1976 til 2010

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010