Mike Scott - ingen over, ingen ved sida
Då Waterboys entra scena let publikum seg forføre frå første tone. Kven bryr seg vel om detaljar som til dømes nye bandmedlemmar, når berre Mike Scott dukkar opp og lar dei litt vemodige augene sine sveipe over publikum?
FIRDAPOSTEN: Juni 2000 Magnhild Hauge  57 75 73 00
KJENT POSITUR: Mike Scott i velkjent positur. Foto: Magnhild Hauge

Knallbra stemning
Allereie på tredje låta jamma dei i veg, stemninga var god og publikum var heilt med. Mike Scott dediserte ei låt til sitt hatobjekt nummer ein, Jerry Springer (ein usannsynleg usympatisk amerikansk talkshow-vert), noko som førte til at publikum taktfast skreik ”We hate Jerry Springer”. Om ikkje før så vart kontakten i alle fall no heilt spesiell mellom Mike Scott & co og publikum. Mike Scott spanderte til og med både smil og latter, ikkje verst til han å vere! Han likar elles helst å sjå litt mystisk ut.

Rocka versjonar
Det var lite av det vare og sarte vi kjenner så godt frå tidlegare konsertar – som Sardines, i Oslo i 1986, ein minne som gir frysningar nedover ryggen. Musikken vi fekk presentert på laurdag let bra, men det var fleire som sakna fela og som kunne tenkt seg dei gamle låtane i ein litt mindre rocka versjon. Då dei kom med ”All the things that she gave me” steig likevel stemninga endå nokre hakk, og det berre fortsette den med resten av den godt og vel ein times konserten.

         Har de høyrt om ”The Fishermans Blues Album”, skreik Mike Scott.

         JAAAAAAAAAA, skreik publikum tilbake. Mike Scott har også ei låt dedisert til Morten Harket, ikkje ”the Pan Within” som mange trudde, men den låta som er ganske lik både i arrangement og melodi, hm.

”Here I am” sang Mike Scott i ein av låtane, det var publikum glad for!

Karakteristiske hyl 
Så var det nesten slutt, men ikkje heilt. For ut att på scena kom the Waterboys og tok ”Don`t Bang the Drum” med dei karakteristiske hyla som berre Mike Scott kan klemme ut av seg.

Eit trøystande ord til dei som ikkje nytta høvet til å få med seg konserten med the Waterboys;  .........     beklager, men de har gått glipp av tidenes pop/rock evenement i Florø….


INNFRIDDE:
Vibeke Hellesen, omkransa av Dag Langeland og Terje Rosnes, var spent før konserten med the Waterboys, men sa etterpå at forventningane så absolutt vart innfridde. Foto: Magnhild Hauge

 

Babel Fish gjorde jobben

FLORØ: Det svinga skikkeleg av Babel Fish og publikum let seg overraske av den nye popkometen  og vart gode og varme i trøya før hovudattraksjonen viste seg.

Neste gong Babel Fish kjem til Florø vert det nok for å gje eigen konsert. Vi fekk servert ein god halvtime med skikkeleg melodiøs og fengande pop/rock. Frå den litt meir vare, godt kjente og nydelege ”Out of the Blue” til skikkeleg rocka ”Mania”. I ”Mania” fekk vi ein ny vri på Diana Ross sin ”Upside down you`re turning me”, noko som var ganske beskrivande for publikum sin reaksjon på Babel Fish. Mange vart overraska over det solide trykket Babel Fish serverte frå scena, enkelte hevda til og med at dei likte Babel Fish betre enn the Waterboys…

Magnhild Hauge  57 75 73 00
magnhild.hauge@firdaposten.no

Frontfigur Tarjei van Ravens og resten av Babelfish spelte med sterk sjølvtillit etter suksess ute i Europa nyleg.

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

Høg stemning med legendariske Waterboys
Mike Scott og Waterboys skuffa ingen fans av den legendariske gruppa. Scott piska publikum til stadig nye høgder med gode gamle hits og lovande nye låtar frå gruppa sin nye CD.
17.06.00-23:34
[HEILE SAKA] [KULTUR

 

Truleg intakt ryggrad
FLORØ: Førebels økonomisk status for festivalhelga vert gjort om eit par dagar, men Tor Hjalte i Rockeklubben vonar ryggen ikkje knekk trass i at dei kunne ha selt 150-200 fleire billettar på Waterboys- konserten.
20.06.00-09:26
[HEILE SAKA] [KULTUR]
 

 

 

 

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1976 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010