Det var et mektig syn, når motorsyklistar få
heile fylket og Bergen, kom i samla
konvoi til
Vestlandsamkjøyringa hos Hammer MC i Florø Konvoien
starta i Bergen, Ålesund og andre ende stader i
Sogn og Fjordane
etter ei oppsett
rute og tids tabell. Fleire og fleire
heng seg på når rekka passerer deira heimstad.
30 motorsyklar frå Florø hadde reist til
Førde
for å fylje konvoien dei
siste mila attende i det nydelige
været. Arrangørane betalte bompengane, så
motorsykkel rekka gjekk utan stopp til Florø
|
Motorsyklistane
sama seg i hagen til Hammer MC i Florø sentrum Foto: Dag Knapstad |
Den 12 konvoi i rekka Vestlandsamkjøyringa
går til forskjellige stader kvart år, og det
er den tredje
gongen konvoien vitjar Flora kommune. Den
har vert i Stavang, Storebru og no i Florø.
Samkjøyringa
blei starta for 12 år sidan av Høyang Bjørn
MC, for å prøve å samle MC folket på tvers
av "Biker" skiljet som på den tide
var helt i start gropa i Noreg. Konvoien blei ein
suksess, og har i åra samla motorsyklistar frå begge
leira til felles arrangement.
|
Flittige
gjester frå
Eid MC. Frå venstre: Roger Hjelle, Eirik Gulli, Kathrine Berg
(President), Haldis Åse Bøstøl og Arne
Hjelle. Foto Dag Magne Knapstad
|
Få som blei. Sjølv
om det var 75 syklar med i konvoien, så var det
få som blei igjen utover kvelden. Dei fleste
tok det som ein dagstur og for heim igjen same
ettermiddag. Litt leit for arrangørane, som har
lagt ned mykje pengar og eit stort arbeide med
å stelle til. Dei hadde hyra inn det profesjonelle blues
bandet The
Buzz Brother's.som skulle spele seinare på
kvelden
Noko av
grunnen til at det var så lite folk som blei
igjen kan være
den seine innbydinga meinte dei 6 gjestane frå Eid
MC. Dei har alltid vert flittige gjestar på MC tilstellingar
i Florø, og satt nøgd og småprata rundt
bordet og meinte at dette var eit flott
arrangement.
|
Dagen
kan bli lang for enkelte. Foto Dag Magne Knapstad
|
Sjå og: Inbydelsen
samt bildene
fra konvoien
|