Fann tonen med Åge 
FLORØ: Det var ei kjær gammal historie som gjentok seg. På eitt av ekstranummera under konserten på Haavebua laurdag, fekk Kristin Skau (34) synge med Åge Aleksandersen (51) for andre gong.
Firdaposten 03 mai 2000 Av: Arne Schei  
DUETT: Kristin Skau steppa inn på kort varsel og sang "Nystekte wienerbrød" saman med ein sveitt Åge Aleksandersen under eit ekstranummer laurdag kveld. (Alle foto: Arne Schei)
Reprisen på duetten var Dag Magne Knapstad i Florø MC Klubb sin tanke. Ein dag ringer han til Kristin Skau: 
– No kjem Åge til Florø igjen. Er du klar?
– Ja, sa musikklæraren og kordirigenten Kristin Skau. Litt oppfrisking av melodien, som var nypugga då ho framførte den saman med den rocka trønderen i 1996, var det som skulle til. Under "Nystekte wienerbrød" stod ho åleine på scena saman med Åge framfor det talrike og entusiastiske publikumet på Haavebua. Sjølv hadde han halde det gåande i rundt to timar.

 

Sporty 
– Det var heilt greitt, morsomt. Han var kliss våt av sveitte, ler Kristin. 

Ideen om duetten vart lagt fram for rockveteranen på førehand, og Aleksandersen takka ja.

– Eg har inntrykk av at han er ein person som kun gjer det han har lyst til. Det er veldig sporty av han å la andre sleppe til slik. seier Kristin. Hadde ho hatt ein eigen mikrofon, kunne forskjellen i stemmevolum vore mindre, men dyktige lydteknikarar betra situasjonen utover i låta. Lyden fortener elles ein heil del ros. Sjeldan eller aldri har det vore så velbalansert og god lyd under ein konsert på Haavebua. Strategisk plasserte høgtalarar ute i det lydteknisk nokså vanskelege rommet, spreidde vellyd ut til det fullspekka lokalet.

Sist Åge spelte i Florø var fiolinen til Konstantin Popchristov i sentrum. Han var med også denne gongen, men som Åge sjølv har sagt til Firdaposten: "Forelskelsen" har gått over til eit meir fornuftabasert og rasjonelt stadium, om lag slik det plar å gå i eit ekteskap.


ELEKTRISK:
Energiske Åge Aleksandersen har stadig med seg sin trufaste våpendragar på fiolin, Konstantin Popchristov. No har rockveteranen på 51 år langt på  veg funne attende til sine elektriske røter. 

Rufsete 
Det var altså mindre symfoniorkester og meir rock å høyre frå Åge denne gongen. Og det passar godt for mannen, som i superbandet Prudence på syttitalet "fann opp" trønderrocken saman med Terje Tysland. Underteikna var så heldig å få oppleve Prudence ein gong midt på syttitalet, og har høyrt Aleksandersen på konsert med jamne mellomrom sidan. Åge Aleksandersen anno 2000 er ein meir rufsete og rocka versjon, som vi kanskje må heilt attende til "Levva livet" for å finne.

Fjoråret var eit godt år for Åge. Det var mykje speling, ikkje minst på festivalar i Danmark. Det har resultert i plata "Gamle ørn", som kom, i følgje trønderen sjølv, etter "ein periode med mykje positiv energi." Så flott då, at Florø er den byen i landet som Åge aller først vil dele sin nyvunne energi med. Den var til å ta og føle på i Florø fredag og laurdag.

Arne Schei  57 75 73 28
redaksjon@firdaposten.no   

Linker til flere Åge sider

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1976 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010