MC-MORO I STAVANG
(West Coast Meeting 1995)

Florø MC-klubb arrangerte stortreff i Stavang i helga. 170 personar og over 100 glinsande syklar var innmelde då vi var innom i sekstida laurdag ettermiddag. — Eit av dei betre treff eg har vore på, sa Ole Jacob Eide frå Bergen. Arrangørane fekk ros, og smilte i kapp med sola som skein i krom og blankpussa lakk.  
Firdaposten,  mandag 29. mai 1995,   Av Harald J. Stavan

Styre og arrangørar i Florø MC klubb på treffplassen i Stavang.  Frå venstre: Eskil Brandvik (formann), Rolf Ulevik, Stian Sandvik Dolve, Olav Tveranger med sonen Håkon (treffleiar) og Jarle Sunde. I bakgrunnen held stemneplassen på å fyllest med syklar og folk som kjem i ein stadig straum.

Ein kraftfull, svart motorisert kor­tesje av tunge sykla køyrde Ut grus­vegen til Nordnes så det skolv i bakken då vi kom. Og fleire møtte vi på vegen då vi reiste derifrå.

«Doff, doff, doff» sa del tunge motorsyklane og gleid som glin­sande ubåtar mellom kvite bjør­kestammar og grønt lauvheng. Stemneplassen fyltest opp til siste grastorv av telt og folk og doningar med og utan sidevogn. Wrooooom!  

Treffkulturen  
verkar tøff og røff, og har til dels vore misskjend blant utaforståande. Men bak del tunge skinndressane bankar det mange familiehjarte som er ute for å kose seg med like­sinna. Kjettingar og køller og dens-lags er fjernt frå miljøet.

Eit par frå Naustdal køyrde kvar sin sykkel med ungane i sidevog­nene.  Ja, treffkulturen er blitt meir familieprega, og gjennomsnitts­alderen blant dei aktive er vel nærmarer 40 enn 30 år, seier arrangørane med Olav Tveranger som treff-ansvarleg.

Det siste kan vel også ha saman­heng med prisen. Ein ny Harley Davidson kostar i dag like mykje som ein god bil i mellomklassen..  


Ole Jacob Eide (fremst t.h.)frå Bergen rosa arrangementet: Det minner om gode, gamle dagar. Litt spartansk, tett og triveleg, sa han. Vidare søstrene Laila og Barbro Lisethfrd Bjørkedalen, og Per Fumes, formann og MC-entusiast frå Bergen.  

Tett miljø
Miljøet er tett og samansveisa. Det er ein stor kameratgjeng som køyrar motorsykkel, og møter likesinna over heile landet; også i utlandet.  

— Vi har hus og overnatting blant MC-vener kvar vi kjem. Dei siste åra har det teke seg veldig opp, med godt vaksne folk. Det er blitt ein hobby og lidenskap som vi dyrkar, og samlar entusiastar rundt oss på slike treff, fortel Eskild Brandvik som er formann I Florø MC-klubb.

— Målet er ganske enkelt køyre, sjå og snakke motorsykkel. Utveksle tekniske erfaringar og ha det gøy, seier Stian Sandvik Dolve.  


Idyllisk MC-treff på Nordneset i Stavang.  Plassen blir utnytta heilt i fjøra

Fanga av miljøet
I Stavang var der MC-folk frå Ålesund og Sunmørsdistriktet, heile Sogn og Fjordane, mange frå Ber­gens-distriktet, og nokre frå Aust­landet. Dei overnatta i telt; enkelt, nes­ten primitivt. Det er grenser for kva  ein får med seg på ein MC.

Arrangørane hadde sett opp eit større stemnetelt, danseflake, utedass og serverte litt mat i enkle for­mer. Eirik Husabø med orkester spel­te til dans og underholdning utover den fine vårkvelden. Og praten gjekk bokstaveleg tala i busk og kratt Utover natta.

— Eg var ny i dette miljøet for to år sidan. Eg trudde vel også litt på at dette var ein gjeng med rabagastar, men er butt svært positivt overraska. Eg er blitt heilt innfanga i miljøet og har ikkje angra ein dag, seier Rolf Ulvik.  

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1996 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  13 februar 2010