Slo gjøna på Internett
-
Dei færraste hadde høyrt om Katthult før
ut på vårparten i 2000. Då fleire tusen unge,
lovande ”usignerte band” frå heile verda,
deriblant dei fem frå Elverum, deltok i det
amerikanske nettstadet ”www.garageband.com’s”
kåring av "verdens beste amatørband".
Lenge
låg Katthult helt i teten, og konkurrerte om
toppgevinsten på to millionar krone. Til slutt
endte bandet på ein niandeplass. Derimot gikk
bandets 23 år gamle vokalist, Aud Ingebjørg
Barstad, helt til topps som beste
vokalist i same konkurranse. Bak kåringa sto
namn som Jerry Harrison, tidligare Talking
Heads-gitarist og sjølvaste Sir George Martin,
mannen bak The Beatles.
Dermed
løysna det for alvor for gruppa som også gjekk
til topps i ”NRK Petres demo-konkurranse”,
og blei det einaste norske bidrag på
"MP3.com's Worldwide Music CD". Spelejobbene sto plutselig i
kø, og musikken deira blei i tillegg brukt i den
amerikanske TV-serien "Felicity".
Rekordtempo
- Det har gått ufattelig fort. Me hadde jo i
eit anna band ”Egoland”,
som i 1997 spilte på Norwegian Wood-festivalen.
Vi
var nær platekontrakt mange gonger, men
ikkje nær nok. Så slutta me, og begynte i
Katthult bare for moro skyld. På under eit år
løysna alt, seier vokalist Aud Ingebjørg
Barstad,
Det
starta med at broderen (gitarist Bjørn Barstad)
la ut den første låta me spilte inn, "Weaker"
i denne konkurransen på nettet. Den ble lasta
ned av 250000 personar. Då begynte ting å skje
fort.
Viste
”finger” til Norsk platebransje
Bandmedlemmene
er i dag stolt over måten de blei oppdaga på.
Samtidig er det ein aldri så liten smekk på
fingrane til norsk platebransje.
---
"Den dagen vi vant ”Petres demo- konkurranse”,
skrev Aftenposten og Dagsavisen om oss. Same dag
ringte åtte av de største plateselskapa og
ville ha tilsend ”demoer”. Det til tross for
at dei to uke tidligare hadde fått demoar som
dei ikkje hadde ensa. Det kan godt
hende de ikkje hadde hørt på den ein gong. Det
har derfor noko med å bli møtt med respekt i
bransjen å gjære. For oss opna det seg ein
helt ny verd av muligheiter ved å bruke
Internett, samtidig slapp vi å gå med lua i hånen,"
seier Barstad
---
"Når ein legg musikken sin ut på internett
aukar også sjansen for å få meir kontakt med
sitt publikum og respons via nettet. Og det har
også Katthult fått oppleve. -
"Om vi ikkje akkurat klarte å skaffe oss
platekontrakt over nettet, for så enkelt er det
vel kanskje ikkje, så hjelpte det oss på veg.
I alle fall er det jo ei god historie
me kan selje vidare", meiner Aud.
Det
var også via Internett at produsenten av den
amerikanske ungdomsserien "Felicity"
oppdaga Katthult og kontakta dei på E-post og
ville bruke låtane deira i TV-serien.
Sjølvlaga.
Musikken
har bandmedlemmene laget sjølv, og vokalist,
felespiller og gitarist Aud Ingebjørg Barstad
har skrive de fleste songane på albumet.
Barstads gode og særeigne stemme er i sentrum på
plata, enten det handlar om balladane, dei reine
popmelodiane eller dei litt meir rockete
bidraga. Det er først og fremst hennar vokal som gjør at bandet skil
seg nemneverdig ut frå den gemeine hop.
Den litt livsfjerne og mjuke stemma har
ein personlig het som kler perfekt bandets
uttrykk, og at ho også har ei stor spennvidde
er den nydelege «Song From Deep Inside» et
bevis på. At bandet ofte lar stemma styre
melodien, som i «Sunshine After The Rain»
forsterker inntrykket av at de tenker annerldes.
”Live”
er gruppa beteraklig meir ”Rocka” med sin
litt Irsk folk/rock inspirert lyd bilete som kan
likne på ei blanding av
The Cores og Waterboys,
men det er popmusikken som står i
sentrum. Melodiane er gode og i øyrefallende,
og Katthult er ein sjarmerande musikalsk
overraskelise med sin gitarbaserte musikk.
Mange
instrument Katthult
brukar mange instrument på sin debutplate.
Gjerne strengeinstrument. Og alle medlemmene i
Katthult spele eigentlig på alle mulige slags
instrumenter.
- Det blei nokre instrument, ja. Banjo,
mandolin, gitarar og tangentar, fortel Bjørn, -
Det blir litt sånn at viss man kan spele eit
instrument, så skal man jaggu ha det med og!
Ønskjar du å lese meir om konserten og
Katthult kan du vitje deira heimeside
|