Terje Tysland i gamal stil
 Lørdag 16. november 2002
Terje Tysland sto på scena i Haavebua laurdag og framførte gamle og nye låtar som perler på ei snor. Men for å seie det slik: Vi har opplevd større trøkk frå trønderen.
Firdaposten: 19: november 2002 av: Jan Atle Stang

HALLELUJA: Vi skal ikkje akkurat påstå at det var mykje skrik og lite ull under Terje Tysland-festen på Haavebua laurdagskvelden. Slik vi ser det kunne det med fordel vore litt meir av begge deler. (Foto: Dag Knapstad)

Vi skal berømme arrangøren, MC-klubben og Rockeklubben, for at dei prøvde å skape god, gammaldags Tyslandstemning i Florø. Berre så synd at hovudpersonen sjølv ikkje har greidd å stable på beina eit band som kunne gjort festen meir fullkomen.

For det er her kritikken ligg: Musikken til Terje Tysland krev litt meir fylde, og då må det stillast eit meir komplett band. Å komme med ein trommis og ein bassist som einaste utgiftspost, blir for tamt. Ja, sjølv om Tysland i tillegg trakterer el-gitar og trekkspel betre enn mange, blir det tamt og trøkklaust med så få medlemmer i bandet. For det er ikkje akkurat visesong Tysland er kjent for, verken som soloartist eller frå tida i Prudence.

Likevel såg det ut til at dei kring 200 betalande publikummarane stortrivdest på Haavebua laurdagskvelden.

Det kom nok også av at Tysland ikkje svikta når det gjaldt repertoar. Dansegolvet var i alle fall fullt heile tida, og mange var nok våte både av sveitte og anna då dei gjekk heim etter tre timar med "Halleluja", bøn til kelneren om meir øl og songar om og til heimbyga.

Han er tru både mot publikumet sitt og dei gamle låtane sine. Spesielt er han i sitt ess når han dreg opp av hatten sin dei "ukristelege" tekstane og dei mest "harry" fylle-rulle-låtane – hoj, hoj, ramtamtata...

Etter det vi forstår likte Terje Tysland å spele i Florø, og vil gjerne kome tilbake til byen ved eit anna høve. Då bør arrangøren tipse han om at bandet bør utvidast til i alle fall eitt medlem til – sånn for trøkket sin del.

Jan Atle Stang     57 75 73 09
stang@firdaposten.no

 

 

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

Les Pressemeldinger.


Florø MC Klubb 
34 år.
1976 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010