Motorsykkel til lyst
West Coast Meeting 1988

I pinsa skipa Florø MC-klubb til det åttande motorsykkeltreffet (MC-treffet) på rad.  Dette var fjerde gongen dei held til i  Osen, inst i Høydalsfjorden, og i alt 150 motorsykkelfrelste på 100 syklar frå det sunnafjelske Noreg sette kvarandre i stemning i godvêret i den idylliske fjordbodten.

FIRDA  26. mai 1988   Av: Torleik Stegane
BILDE Kjem ein gong????
Med japansk sykkel, Suzuki GS 1000G, og britisk produsert sidevogn av typen Saluki (visstnok den einaste i landet) kom Harald Berg heilt i frå Husnes og fekk premie for å ha køyrt lengst med sidevogn.  Til venstre formannen i Florø MC-klubb  Kjetil Valvik.
Foto:
Torleik Stegane

Invitasjonen gjekk ut til i alt 35 MC-klubbar, og dei aller fleste var representerte i. Osen. Når dei langvegsfarande kjem fram til leirstaden, melder dei seg på treffkontoret og opplyser om kva klubb dei kjem frå, kva sykkel dei kjører, kor mange personar dei er, og kor langt dei har køyrt.

Premiering og sosialt samvær.
Korleis får dei så tida til gå på slike treff? Til å svare på. det tek vi med oss formannen i Florø MC-klubb, Kjetil Valvik og tidlegare eldsjel og kasserar Dag Magne Knapstad til ein slalåm tur mellom glinsande dormingar og solbaddane. dorske ungdommar. Mellom anna får vi vite at dei har ein god del tevlingar og premiering Til dømes fekk Gulen MC klubb 1. premie for å ha kjørt flest personkilometer. På dei neste plassane fylgde Ålesund MC-klubb og Sørbøvåg MC-klubb. Førstepremie for å. ha køyrt lengst, gjekk til Vidar Pettersen frå Ålesund. Han kom like godt heilt frå Polen via Oslo og snøvêr over Stryne-fjellet, og var svært glad for å vere framkomen.. Anne Grethe Rebbeng frå Høyanger MC-klubb fekk 1. premie i klassen "lengst kjørde dame" medan Harald Berg frå Husnes hadde kjørt lengst med sidevogn og vart premiert for det. Eigaren av den sykkelen som hadde størst trong for polering vart og premiert. Det same vart "kaldaste mann" Peter Hipsley frå Riding Tunder MC-klubb. I tautrekkingstevlingane gjorde Vik MC-klubb reint bord blant gutane. Medan jentene frå Florø MC-klubb drog av med segaren i kvinneklassa.
   Dette høyrest unekteleg triveleg ut, men driv de verkeleg med premiering og konkurrering heile tida stemnet varer?
--- Nei, premieutdeling og tevlingar er berre ein del av moroa. Seier Valvik og Knapstad.
-  Det meste av tida går med til andre former for sosialt samvær, til rekeparty, bålbrenning, grilling, problemløysing og faglege diskusjonar.

Qppsedande
--- Å være med i ein MC-klubb er opsedande, seier Valvik og Knapstad. - Vi prøver å bylgje opp eit miljø og få medlemmane til å forstå at det ikkje er tøft å liggje og spinne kring hushjørna, frå gatekjøkken til gatekjøkken. Motorsykkelkøyring er ei livsform som må opplevast, seier dei og hevdar med styrke at kjensla av å flyte som ei svane over svingete vegar, ikkje kan skildrast, men må opplevast
---- Kva gjer de så med dei som oppfører seg bøllete i trafikken?
-- Dersom nokon av medlemmene våre grisekjøyrer, kan dei verte utestengde frå klubben i eit år, Elles passer vi på å mane nye medlemmer som nett har fått seg stor sykkel om å ta det med ro. Som regel kjem trafikkvitet med alderen. Dei som er her på treffet tildømes er alle saman folk som har eit vel så seriøst tilhøve til kjøretyet som nokon bilist. 

Ros til grunneigaren
Med seg i styret har Kjetil Valvik, nestformann Bjørn Storøyen, kasserar Ludvig Solberg og styremedlemmene Olav Torvanger og Torgrim Larsen. Heile styret vil gjerne gje ros til grunneigaren i Osen, Torleiv Heimset som i årevis vederlagsfritt har lete MC. klubben disponere eit ve1eigna område på. fleire mål. Med Høydalsfjorden og Oselva som kulisse under ny utsprunge lauv med steikande sol over grønt gras og sol svoltne kroppar, var det berre vellæte å. høyre frå dei mange MC-entusiastane. Harald Berg som hadde køyrt frå Husnes og brukte ni timar og tre ferjer på det, så det slik: Her har vi det bra. . Dette er eit av dei beste treffa som er. Litt utanfor allfarveg. Passeleg primitivt, utan dusj og vassklosett. Det er nett slik dei. fleste av ass MC-folk vil ha det, Også turen dei siste 14 kilometerane frå Eikefjord og hitt, då. ,Det er reine naturopplevinga. På. smale bygdevegar med stabbestelnar langs sjø, vatn og vårkåte elvar, kjem du til sist hit og opplever at naturen står heilt i stil med det du har opplevd på. slutten av turen.

Ikkje ros til Vegstellet
Verken Valvik eller Knapstad vil skryte over den innsatsen Vegstellet gler for å skape trygge trafikktilhøve for dei på to hjul. Mangelfull skilting og laus grus på oljegrusen etter sanding gjennom. vinteren er blant del verste fiendane, men olje i vegbana og malplasserte autovern fører ofte til Livsfarlege situasjonar for to-hjuligane.

Korleis oppfører bilistane seg mot MC-folket?
- Ein del. oppfører seg sært dumt, særleg. når. vi kjem på. utsida og vi suse forbi, Altfor mange set opp farten for å hindre oss i å komme framom. Eller dei beint fram legg seg lang ut til venstre i kjørebana for å stenge oss.
- Tidligare var vi åleine om å ha påbod om kjøyrelys. Dette førde avgjort til tryggare trafikktilhøve for oss. Når no bilistane har fått same påbodet, vert effekten av kjøyrelys noko redusert for oss på to hjul, seier Valvik og Knapstad.

Klubbhus
Florø MC Klubb vart skipa i 1976, og har i dag 35 medlemmer. I lenger tid har klubben tinga med kommunen om tomt til klubbhus, men har hittil ikkje kome nokon veg.
Valvik er skuffa over kommunen, og understrekar at det ikkje er pengar dei ber om, men ei tomt til egne lokale. Bygginga skal dei syte for sjølve.
Situasjonen i dag er at del held til i eit høgst primitivt lokale der sjøen går inn og gjer livet utriveleg til tider. For floa kan gå. midt inn på. golvet i lokalet og gjere stor skade på. innbu og lausøyre.

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1996 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  13 februar 2010