– No er all godkjenning frå kommunen gjennomført. Vi har fått godkjent bana av Norges Motorsykkelforbund og kan starte trening på bana rett over nyttår, seier leiar i Florø Motorsportklubb, Aslak Holmen. Det er køyrt over 60 lass med sand til bana i tillegg til at dei har sett opp gamle bildekk som står i svingane og som markørar kring bana. Bana er 350 meter lang og fem meter brei frå start til mål. Den kan byggast ut og Aslak Holmen reknar med at dei med mindre innsats kan gjere bana dobbelt så lang, men dette er noko dei ser føre seg på sikt. Bana er godkjent som kategori D. Det betyr treningsbane. Bana vil kunne oppgraderast om det er vilje til det. I tillegg til motorcross er bana også godkjent for trial-syklar. – Vi er godt budd og har no fått på plass fire lagringskontainarar for utstyr no er det berre straum og toalett som manglar, seier Holmen. Han er no utdanna aktivitetsleiar og har med seg Asle Skånevik, Dag Magne Knapstad, Jonas Svardal, Roy Os, Tore Haugen, Jon Ole Solheim og Kjell Frode Fløholm som leiarar med kompetanse i Florømiljøet. – Vi skal no planleggje opning på bana og reknar med at vi endeleg skal lykkast å etablere eit godt miljø for motorsport her i Florø med ei bane å vise til. Det er mange som har syklar her som klør etter å få nytte dei. No kan vi endeleg få trille dei ut av garasjen, avsluttar Holmen. Dag Frøyen 57 75 73 29 dag@firdaposten.no |