MC-folk reagerer på registrering

Politiet er på jakt etter medlemslistene til FIorø MC klubb.— Vi har ingenting  å skjule, men eg likar ikkje tanken på at vi skal registrerast ber­re fordi vi køyrer motorsykkel, seier Olav Tveranger.  

Firdaposten  mandag 2. mars 1998  Øystein Mikalsen


FRUSTRERT OVER REGIS TRERING: Tore Haugen (t.v.) Olav Tveranger og Jon Ole Solheim syns ikkje noko om at del og resten av Florø MC-klubb skal registrerast hos politiet. (Foto: Øystein Mikalsen)

--Sjølv om MC-krigen er over og Hells Angeles og Bandidos har slutta fred trappar ikkje politiet ned fokuserga på norske motorsykkelmiljø. I førre veke vart klubben i Florø kontakta og bede om å utlevere medlemslistene.

— Datatilsynet har slått fast at det er ulovleg å registrere personar som ikkje har kriminelt rulleblad. Difor kan dei ikkje krevje å listene utlevert, de må spørje om å få dei.

Det er ingen 1øyndom kven som er med i klubben, medlemslista vår henger til og med på oppslagstavla på West Motor, så politiet kan jo gå inn der og rive den av viss del vil, seier Tveranger.  

Englevakt 
Eg reknar forresten med at politiet allereie har mitt namn registrert. Eg er fer frå tid til anna på fest hos klubbar som sympatiserer med Hells Angeles og alle som går inn på slike tilskipingar må vise legitimasjon.

Politiet vaktar alltid på klubbar som på ein eller annan måte har kontakt med englane. Viss mine besøk i slike klubbar er ein av grunnane til registreringa av heile Florø MC klubb må eg seie eg bar problem med å følje logikken.  Det er like absurd som a seie at turistar til Kina støttar det kinesiske regimet, seier Tveranger. 

Rar prioritering
Dei tre MC kameratane fattar ikkje politiet sin ressursbruk.
— Vi er ikkje kriminelle sjølv om vi tilfeldigvis køyrer motorsykkel og har ein klubb og eit forsamlingshus seier Tore Haugen som for tida er leier i MC-klubben.
Jon Ole Solheim likar ikkje tanken på at han skal vere rulleført hos politiet når han ikkje bar gjort noko kriminelt.
--- Men du må få med at vi ikkje klandrar politiet lokalt, del gjer heilt sikkert berre det dei bar fått beskjed om frå sentralt hald, avslutta Jon Ole Solheim.  

 

— Har aldri bede om a få utlevert listene
Politiet i Florø avviser at dei har bede om medlemslistene, men stadfestar at dei har vore i kon­takt med ein representant for klubben.

Grete Hjelle er Fjordane politikammer sin etterretningskontakt og det var ho som i førre veke ringte til eit klubbmedlem. Då Firdaposten prøvde å få ein kommentar i helga var ho vekreist. Lensmann Rolf Endestad bar imidiertid diskutert saka med Hjelle og ho avviste då at ho hadde jakta på medlemslista.

Det er ikkje rett at vi driv klappjakt på dei lokale MC-medlemmene. Eg må seie at del stort sett opp fører seg svært skikkeleg, presiserer Endestad. Han seier vidare at det sjølvsagt blir halde eit vake auge med somme element i del mest berykta klubbane, men at det på ingen mate er mistanke om at nokre av Florø-medlemmene kjem i denne kategorien.

Men korleis kan det ha seg at MC-klubben seier at dei har blitt bedne om å utlevere listene, sam­stundes som Hjelle nektar for dette?

— Grete Hjelle er for tida vekkreist så eg kan ikkje utdjupe dette meir enn at ho sjølv nektar for å ha bede om listene, seier Endestad (bildet).  

 

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1976 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010