Brumlebassen fyller hundre

Harley-Davidson er meir enn ein motorsykkel. Harley'en er eit kultur-ikon, seier Geir Hillersøy, den einaste Harley-forhandlaren i Sogn og Fjordane.

Firda:  20.09.2002


Ein Harley Davidsom er sjølve gutedraumen for mange. Men det er stort sett velvaksne gutar som har råd til å oppfylle draumen, seier Harley-forhandlar Geir Hillersøy. Dei fleste kundane har bikka førti før dei skaffar seg draumesykkelen.
Foto: Knut Magnussen

Laurdag startar markeringa av 100-årsjubileet for den motorsykkelen som opp gjennom åra og takka vere god marknadsføring er blitt eit kjenneteikn på The American Way of Life, på linje med skyskraparane, Elvis, Coca-Cola og hamburgeren. MC-kulturen er blitt ein livsstil for mange menneske, og det fremste symbolet på denne livsstilen er ved Harley-Davidson, ein brumlebass av ein sykkel som også representerer kontinuiteten og tradisjonane i MC-miljøa rundt om i verda.
Religiøst
– Det er ikkje tvil om at merkevara Harley-Davidson står sterkt. Det er nesten noko religiøst over det. Når folk tatoverer Harley-logoen på skuldra, kan vi trygt kalle dei trufaste kundar, seier Hillersøy.

– Harley Davidson sel ikkje berre syklar, men ei lang rekkje spin-off produkt. I fjor hadde fabrikken større omsetnad på deler og utstyr enn på syklar, seier Hillersøy. I samband med jubileet lanserer Harley eigne hundreårsmodellar, og på Båt og MC-senteret i Florø mottok Hillersøy dei første ordrane for fleire år sidan.

– Eg veit ikkje om noko anna produkt som folk er villig til å betale 350 000 kroner for utan ein gong å ha sett korleis det ser ut, seier Hillersøy. Og kundane er stort sett godt vaksne menn med solid inntekt. For ein Harley er ikkje billeg.

– Du må ut med frå 150 000 kroner og oppover, seier Hillersøy og set seg omskrevs på ein sykkel til 282 000.

Familiefedre
– Difor er inntrykket som media har skapt av eit nokså tvilsamt MC-miljø langt frå representativt. Det er stort sett familiefedre som gjennom Harley'en har funne eit miljø, ein livsstil og ein fristad.

Lyden av Harley-syklane er for mange menneske den reinaste musikken, og når Harley-Davidson fyller hundre år, går det heller ikkje stille og upåakta for seg.

– Vi byrjar pent med å lansere dei nye modellane, men så går det slag i slag eit år til ende, med markeringar både i Europa og Amerika, seier Hillersøy, som reknar med at mange MC-interesserte frå heile fylket vil stikke innom for å sjå på dei nye modellane.

– Dei færraste vil kjøpe, men dei fleste kan drøyme, seier Harley-forhandlaren.

Publisert i Firda: 20.09.2002

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
34 år.
1976 til 2010

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010