Rocka MC-gjeng med glorie
BJØRNSET: I eit gammalt skulehus på Bjørnset held Florø MC Klubb til. Det er 20 år sidan den eldste klubben i fylket hadde sitt første treff på Stavøya. I dag feirar dei vårfest på Haavebua, og etterpå blir det rock med Åge. – Vi er snille gutar, har nærast glorie, seier nettredaktør Dag Magne Knapstad.
Firdaposten, 29. april 2000,  Arne Schei 


SNILL GJENG:
Mange motorsykkelklubbar har dårleg rykte. Klubben i Florø er blant dei snille i klassen. Her tek nokre av medlemmene ein kvil innimellom vårpussen.

Vårfesten til Florø MC Klubb markerer starten på sesongen. No blir alle dei kromglinsande tohjulingane tørka vinterstøvet av og trilla ut i den bleike vårsola. No blir skinndressen, hanskane, lærstøvlane og hjelmen henta ut av skåpet. No stig adrenalinet i fartssugne MC-kroppar og når toppen i det motoren set i med sitt første vårlege kubikkbrøl, og sykkelen tek til å rulle mot fjerne eller nære horisontar.

Mot ein ny vår
Dag Magne Knapstad er ein av veteranane innan klubben, men ikkje den einaste. Knapstad, og hans "trufaste gangar" gjennom 18 år, Suzuki GS 1000G, har dei siste åra opplevd noko nær ei forgubbing i miljøet. No er trenden snudd, og klubben har berre den siste tida fått 10–15 nye medlemmer. Knapstad er ikkje i tvil om kva som er grunnen.

– Vi fekk vår eiga nettside i januar, og det har gjort at vi er blitt meir synlege, seier Knapstad, som er ansvarleg for nettsida til motorsykkelklubben.


MANGE NYE:
Dag Magne Knapstad fortel at klubben no har over 25 medlemmer, elleve er nye og tre av dei er veteranar.

Det einaste kravet for å bli medlem er at du eig ein motorsykkel. Det treng ikkje vere ein stor og tung 1000 kubikkar som Knapstad har. Alt frå ein lett 100 kubikkar og oppover blir godtatt som "inngangsbillett". Når du då er blitt medlem og har betalt kontingenten, har du tilgjenge til tre etasjar med klubblokale. I kjellaren er det verkstad der du kan skru sykkel så mykje du vil, i andre finst det ein bar og eit klubblokale, og i loftetasjen er det overnattingsplass for minst ti personar. Andre grunnar til å melde seg inn? Ja, for Knapstad meiner at klubben kan vere eit alternativ for den som er ny i byen.


SKULEHUS:
Frå kjellaren i Stenseth-huset i Florø sentrum flytta klubben inn hit til Bjørnset. Huset fekk dei av kommunen mot å ta hand om vedlikehaldet, og tomta har dei kjøpt.

– Florø har, iallfall tidlegare, vore ganske "klikkete". Å melde seg inn i klubben kan for nye innflyttarar vere ein port til sosialt samvær, nye venner og kjenningar, seier Knapstad. Klubbmøta er den siste fredagen i kvar månad. 

Rock og treff  
For nokre år sidan arrrangerte Florø MC Klubb ei rekkje konsertar kvart år. I går og i dag står Åge Aleksandersen på scena på Haavebua for n'te gong. men det er ikkje berre den trønderske rockeveteranen som har gjesta Florø i regi av klubben. I løpet av ein sjuårsperiode arrangerte klubben mellom 100 og 120 konsertar. Dag Magne Knapstad var drivkrafta bak konsertarrangementa, som det blei mindre av då Knapstad drog på loffen i Asia. No er Knapstad tilbake forlengst, men det blir ikkje fleire konsertar av den grunn.

– Nei, vi vil ikkje ta opp konkurransen med Florø Rockeklubb. Vi vil heller samarbeide med dei. Vi skal til dømes vere teknisk arrangør av konserten med Waterboys 17. juni, det vil seie stå for vakthald og liknande, opplyser Knapstad.

West Coast Meeting har vore arrangert på Stavøya 19 gonger. I slutten av mai blir treffet arrangert for 20. gong. På nettsida til klubben ligg all tenkjeleg og utenkjeleg informasjon om forskjellige måtar å kome seg dit på. Kva programmet elles vil innehalde er ikkje heilt avklart i detalj, men obligatorisk er grilling, bålbrenning, partytelt med musikk, servering, sosialt samvær, konkurransar, teltliv og bading. Mot slutten av året blir det også eit treff, på Trollstova, Ramsdalsheia, og det er nummer fjorten i rekkja.

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

Snille gutar
 
Blant medlemmene i Florø-klubben finst det alle slags menneske; mekanikarar, glasmeistrar, ingeniørar,  sjølvstendig næringsdrivande og tilsette ved offentlege kontor. Medlemslista er no tilgjengeleg på nettsida til klubben, og er slett ingen løyndom. Politiet bad for nokre år sidan om medlemslistene då klubbar som Bandidos og Hells Angels gjorde ryktet til motorsykkelklubbar i heile landet svært frynsete. Men Florø MC Klubb har korkje riper i lakken eller rusk i forgassaren. Men dei kan finne på å "burne" nokre bakdekk inne på verkstaden, berre for moro, berre for å lage litt gummiluktande vårskodde rundt seg

.– Vi er snille, er faktisk ein klubb med glorie, seier Knapstad. 
– Kva driv dykk?  
– Fridomskjensla av å køyre sykkel, oppleve ei verd full av lukter, natur, bruke alle sansar, vere utsett for ver og vind på ein heilt annan måte enn med noko anna køyretøy. På sykkel ser ein ting rundt seg, kjem det kontant frå den røynde motorsyklisten.

Trygg klubb
 
Så har klubben då også ein svært god statistikk å vise til blant medlemmene sine. Klubben har aldri mista ein medlem i ei dødsulukke, og ingen er blitt invalid i klubben si 24 år lange historie.

– Det er ikkje tøft å køyre gris. Ein skal vite at ein er sårbar på ein sykkel og køyre forsiktig, seier Knapstad.

Difor er alle i klubben i stand til å fortelje om kva dei har opplevd på vegar i inn- og utland. Medlemmer i klubben dreg ofte saman på treff, nokre gonger størsteparten av klubben samla, andre gonger dreg kanskje berre tre–fire av dei på lengre turar. Knapstad likar seg gjerne best på svingete, smale vegar der han må smyge seg forbi fjellveggar og sterk natur. Og overalt vil han finne likesinna motorsyklistar, hevdar han.

– Du er ikkje åleine når du køyrer sykkel. Motorsyklistar helsar på kvarandre, slik som ein helsar på kvarandre på sjøen. Alltid vil det vere nokon å snakke med undervegs, og dersom du får vanskar, kan du få hjelp frå andre klubbar, seier Knapstad.

Born to be wild 
Dag Magne Knapstad er den offisielle "webredaktøren" for www.fmck.no. Han kan mange gode historier knytt til medlemene i klubben.

Treffgeneral Olav Tveranger, også i styret for klubben, er truleg den som har reist lengst på sykkelen sin. Han tok likegodt med seg køyretyet på flyet til USA. På veg gjennom Nevada-ørkenen kjem ein bil opp på sida av Tveranger sin sykkel. Skiltet hans byrjar med bokstavane TX. Mannen i bilen skrur ned vindauget, fortel Knapstad.

– Han ropar til Olav: "Hey, are you from Texas?" Olav roper attende. "No, Norway", og mannen i bilen set i å synge "Fløy en liten blåfugl gjennom vinduet, gjennom vinduet, gjennom vinduet," før han speeda opp og forsvann.

Verda er altså  ikkje særleg stor. Frå eit motorsykkelsete blir kloden også meir sanseleg. For den som vågar.

"Keep your motor running. Head out on the highway."

Vrooouum!

 


MC-gjeng med glorie


BLANDING:
I nokre klubbar blir du berre akseptert dersom du rir ein Harley-Davidson, men i Florø MC Klubb kan du køyre kva som helst som kan passere som motorsykkel. Dette er eit prakteksemplar av ein Harley.

 


NY ASFALT:
Ved Helgøytunnelen er det lagt ny asfalt. Her køyrer klubben samla attende til Florø etter vårpussen denne veka. (Alle foto: Arne Schei)
Se bilder fra klubben


Florø MC Klubb 
34 år.
1976 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010