Bestemor med Harley og rosa leppestift

Fredag fekk ho sin første motorsykkel og laurdag deltok ho i parade gjennom Florø-gatene.
– Det viktigaste er Guds vind på kinna, seier Grethe Amundsen (49).  
FIRDA, 7. mai 2001,   Harald Bratland Carlsen,  

EKSOSRYPE: Den rosa leppestiften høyrer med når Grethe Amundsen kler seg i svart for å delta i MC-paraden med sin splitter nye Harely Davidson.   Foto: Arne Stubhaug 

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

Det er laurdag ettermiddag i Strandgata og det skin i nypussa metall. Mai-himmelen er stor og blå over kystbyen, og éin etter éin har motoriserte tohjulingar funne vegen fram – mange kanskje for første gong i år.

Nervøs
– De må snakke med ho middelaldrande dama der borte, er det ein som seier til oss.
– Ho fekk sin første motorsykkel i går. Han peikar bort mot ei svarthåra dame i like svart køyredress.

Med eit nervøst smil kring dei kvite tennene følgjer ho oss bort til "Høvdingen".

– Eg har kalla sykkelen opp etter ein fiskebåt som bestefaren min hadde, seier ho. Og etter at ho har tent ein sigarett, legg ho til: – Eg kvir meg som berre det. Difor har eg kjøpt røyk i dag for første gong på fire år.

Sanseleg
Fembarnsmor Grethe Amundsen er tydelegvis ikkje som alle andre mødrer. Ikkje som alle andre bestemødrer heller. Ho har allereie to barneborn.

– Er den ikkje fin? spør ho og stryk ein finger over jadegrønt metall.

"Harley Davidson 883 Sportster" står det skrive på bensintanken, og det skal vere solid nok til å frakte ei kvinne i sin beste alder frå A til B.

– Eg sneik meg kring hjørna i 20 kilometer i timen her i går, og brått gav eg gass. Med eit poff fauk eg av garde. Eg tør ikkje seie kor fort det gjekk, seier Amundsen alvorleg.

Og så bryt ho ut i latter.

– Det var ei sanseleg oppleving, humrar ho fram.

Kvinneleg 
Det er berre nokre få minutt att til tusenvis av kubikk skal samle seg til paradekøyring, men Amundsen rekk å fortelje korleis ei vaksen dame kan finansiere jentedraumen sin.

– I alle år har barnetrygda gått til gummistøvlar og slikt. Framleis har eg to born under atten år, og i dei næraste fem åra skal barnetrygda eg får for dei, gå til sykkelen, seier ho og syg i seg resten av sigaretten.

– Den kosta 132 000, legg ho til.

Så er det på med hjelmen og igjen med jakka.

– Eg er ikkje det spor tøff, så eg er redd eg vert "rævediltaren" i dag, seier Amundsen.

– Men når eg får ekstrasete, kan eg ha mora mi bak meg. Ho er 76.

Før ho hiv seg oppå, gjev ho leppene eit nytt lag med rosa stift. Ho vil ikkje at det skal bli noko kjønnsskifte på heile greia, som ho seier.

– Men det viktigaste er Guds vind på kinna – å bli soge inn i Guds vind, smiler ho – og forsvinn.


Det viktigaste er Guds vind på kinna – å bli soge inn i Guds vind, smiler ho – og forsvinn.
 Foto: Arne Stubhaug .

 

 

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010