Åge gav ein "stormande konsert.

FLORØ:  Tre og eit halvt tusen menneske fekk ei musikalsk oppleving som gjekk rett i beina fredagskvelden på Florø Stadion.  Opplagde Åge Aleksandersen og Sambandet spelte i to og ein halv time for tildels eit ekstatisk publikum som vel aldri har høyrt maken til lydbilete.  I alle fall ikkje på heimeleg grunn.

FIRDAPOSTEN 4. juli 1985    Av: Harald Stavang

Det var ein på på mange måtar stormande opningskonsert for Åge Aleksandersen i Florø.  Åge tok publikum med storm, blir det sagt. Over 3500 entusiastiske tilskodarar samla seg kring teltet og i amfi i bakken bak treningsbana på Florø Stadion. I to og ein halv time svinga det, og folk applauderte og ville ha meir.      Foto: Dag Magne Knapstad 
ÅGE lyste det i raudt, kvitt og blått frå den nye storscena.  Tonane fylde heile stadion, varierande i intensitet gjennom tornande contry-rock, lyriske viser og dundrande, ram "heilrock"

Lyden
.... stod som ein veldig pulsator mellom åsane, fløymde utover den bølgjande folkemassen, over tirgrønne grasmatter og skråningar der jonsokblomen bøygde seg, og rulla vidare inn mellom mørke granleggar.
   "Fire pils og ein pizza", Rio de Janeiro",... rytmane, bassen slår rett i kroppen og bankar innafrå som eit kollossalt, felles hjarte.

Sola
glir ned i eit lett skyopptrekk, glimrar lågt over land.  Du kjenner at lyset blandar seg seg med lyden, spreier seg og glør ut i snøfonnene som smeltar vekk i sildrande vann nedetter dei gråblå fjellsidene nordafor fjorden.

Folk
sat og stod.  Dei yngre pakka seg framfor scena, dei litt eldre og heilt små sat som hekkande sjøfugl oppetter Storåsbakken.  Der var alt frå barnehagen til gamleheimen.  I alle fall hørde dei konserten på Flora Aldersheim.  Vi har aldri sett slik publikumsblanding på ein pop-konsert.

Alle
finn noko i musikken til han Åge.  Vi hadde han med på båtturen i fjor sommar (i form av "levva livet") og ungane sleit ut kassetten dei tolv dagane dei budde ombord.  Og vi var der alle for å høyre Norges-premieren på "Mens vi venter" denne swingande fredagskvelden....  (hjs)

Alltid likt meg.

-- Eg har alltid likt meg i Florø.  Det starta med Prudence i 1970, og aldri spelte vi for anna enn stappfulle hus, sa Åge Aleksandersen på eit spørsmål kvifor han la Noregs-premiæren hit. 
-- det fall oss heilt naturleg.  Vi kjenner oss vel her, og har fått forhold til både publikum og MC-klubben i byen.

Omtumlande år.
   Det har våre 15 omtumlande år frå han kom som eit av dei mange rockeband langs vegane med enkelt utstyr, til dagens suksessfylte première som ein av Noregs aller største artistar  

    Det var å bære instrument og forsterkarar inn i gamle "fram", banke rockelåtane inn i dansande tenåringar, og så humpe vidare på dårlege vegar til neste jobb.

Ferja venta
No kjem folk fjordavegs og fjordalangs. Ja fredag venta Bremanger-ferja til kvart på ti, så folk skulle få med seg heile konserten!! 
Ei husmor fortalde at ho hadde hivd seg i bilen etter jobb i Nordfjord, kjørde til Haukå og kom inn i den ferjekøa.  
    Ferja gjekk i skytteltrafikk, men enda måtte mange sette att bilane sine, og trenge seg saman så mange som det gjekk hos andre som kom med.  Alt i febrilsk hast for å rekke Åge og Sambandet.

Suksess
   Etter "Lys og Varme" gjekk ordføraren på Scena, takka Åge og overrekte ein plakat med Flora sitt byvåpen.
  
Dette kallar dei suksess.  Men det er lenge sia kveldane med Prudece i Fram.  Det har kosta å komme hit han er i dag.  Åge er ingen moderne mediabroiler.  Han har gått vegen fram.       (hjs)

Sjå også andre stykke om konserten

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010