Vil kronerulle motorsportbane

Aslak Holmen vil starte kronerulling for å få realisere motorsportbana i Botnastranda. – Slike tiltak må til i ein Robek-kommune, meiner Holmen.

Firdaposten 2008: Av Arve Solbakken

ALTERNATIV: Aslak Holmen i Florø Motorsportklubb vil be om pengestøtte frå Florø-borgarane for å få på beina sitt alternative tilbod til ungdom som ikkje finn seg til rette med tradisjonelle aktivitetar.

Florø Motorsportklubb har fått tildelt eit regulert område i Botnastranda, men det vil koste Flora kommune 3,5 millionar kroner å kjøpe ut tomta. For å få opp eit komplett anlegg med klubbhus og verkstad til mekking av motor, reknar Holmen med at prislappen for anlegget vil komme på rundt 10 millionar kroner. – Fotball, friidrett og inneidrettar passar ikkje for alle ungdommar. Vi har eit tilbod til mange som fell utafor det vanlege tilbodet, og som kanskje ville ha brukt tida si på meir usunne aktivitetar rundt om i byen, påpeikar Holmen.
Han understrekar at motorklubben gjerne legg til rette for fleirbruk og vil dele areal med andre, som til dømes speidarar, sportsfiskarar og
paintball-grupper.
– Dette er aktivitetar som lett lar seg kombinere, meiner han.
 

 

 

 

 

HISTORIKK

2011
2010
2009
2008
2007
 
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
34 år.
1976 til 2010

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  16 august 2011