Endeleg opna bana

FLORØ: At det var eit overmoden behov for å få ei motorsportsbane på plass i Florø, viste seg tydeleg under opninga laurdag. Sjølv dei hardbarka forkjemparane for bane i Florø var overraska over alle syklane og interesserte som hadde møtt opp. Foto Dag Magne Knapstad
Firdaposten 10. jan 2006   Av: Dag Frøyen

Klokka 12.00 laurdag klypte motorsportentusiast Aslak Holmen snora og opna offisielt motorsportbana på Botnastranda føre om lag 200 menneske. Sjølv om sola lyste opp Klauekeipen i nord var det kaldt på Botnastranda som ligg på skuggesida av Brandsøyåsen. Men kaffi, gode varme klede, pølser og nysteikte vaflar var det som skulle til for å få varmen for publikum. Den 350 meter langa bana ligg på den planerte flata vest for betongfabrikken og er markert med bildekk. At det var mange som verka etter å prøve motorkøyretya sine gjennom jula var tydeleg. På rekke og rad stod ATV'ar eller firhjulingar som dei blir kalla og motorsyklar med ulike kubikkstorleik. Den nyskipa Florø Motorsportklubb hadde organisert køyringa som gjekk føre seg heile laurdagen. Leverandørar av syklar og utstyr var på plass for å vise kva dei kunne tilby, og interessa var stigande skal vi tru publikum vi snakka med.

Publikum. over 200 skuelystne og motorsport frelste var møtt opp på Botnastranda laurdag for å få med seg åpninga av den nye motorsportbana. Foto: Dag Frøyen
ARV: Aslak Holmen koste seg under opninga med dotter Amanda (4) på skuldrene.   – Amanda får prøve seg på bana så snart ho har lært seg å sykle, fortalde pappa. Foto: Dag Frøyen

Lisens 
Alle som køyrde har vore gjennom eit lisenskurs der reglane for å kunne køyre på lukka bane skal lærast. I dag er det 40 barn og vaksne som har vore gjennom lisenskurset. Det er framleis mange som no står i kø for å gjennomføre lisenskurset for å få køyre, og fleire vil det garantert bli.
– Dette er stort. Det er flott at ungdommen får ein bane dei kan køyre lovleg under ordna forhold, seier leiar i Florø Motorsportklubb, Aslak Holmen. Han takka Florø MC Klubb for støtta i prosessen og entreprenørane som har fått bana på plass. Røde Kors og Brannvesenet var også på plass då det var mykje publikum, og Holmen meinte det var eit viktig signal å gi at tryggleiken var teken hand om.

 

Moro
ACTION: Kristoffer Kinn Kvamme (15) imponerte med firehjulingen sin og viste halsbrekkjande manøvrar med full kontroll. Foto: Dag Frøyen


Kristoffer Kinn Kvamme (15) har ein 400 kubikk Suzuki LTZ og fekk æra av å opne bana saman med Aslak Holmen. Ungdommen har lenge verka etter å køyre med firehjulingen sin i Florø, og endeleg fekk hestekreftene boltre seg vilt i trygge omgjevnader.
– Dette har eg venta på lenge, sa Kvamme som fekk firehjulingen i sommar. Han har også ein 250 kubikk motorsykkel som vil bli flittig nytta på den nye bana framover.
– No likar eg best å køyre firehjuling, kom det frå Kvamme som viste litt kva den gule crossvidunderet kan gjere på ei bane.
 

Terje Havn (17) hadde skrudd heile natta for å få sykkelen sin ein 125 kubikk Kawazaki klar til baneopninga. Sjølv om det var lite søvn for 17-åringen var han fullt skjerpa og gav publikum fartsfylt underhaldning.
TRØYTT: Terje Havn (17) skrudde på sykkelen sin heile natta for å kunne vere med å køyre under opninga. Og ei søvnlaus natt var verdt det.  Foto: Dag Frøyen

 

Kubikkfamilie
KUBIKKFAMILIE: Pappa Jan og Mamma Lisbeth har investert i syklar til sønene Kim André (8) og Håvard (5) og reknar med den nye familieinteressa vi ta mykje tid. Foto: Dag Frøyen

Jan Sørgulen og Lisbeth Ingvaldsen gav crossyklar til borna Kim André (8) og Håvard (5) no til jul. Og det var to strålande nøgde born som fekk nytte dei staslege julegåvene sine for første gong sidan nissen innfridde dei høgste ønskene.
– Dei måtte få syklar begge to, elles hadde det berre blitt krangling, seier pappa Jan Sørgulen. Han har ikkje drive med motorsport sjølv, men gutane hans har prøvd seg litt med ein kamerat, og interessa var så stor at foreldra opna lommeboka til jula. No er dei blitt ein kubikkfamilie og reknar med køyring minst eit par gongar i veka framover.
– Det er ein veldig kjekk aktivitet, og det er heilt supert at vi har fått bane. Denne trur eg vi vil få mykje glede av, seier Sørgulen. Minstemann i familien, Marius på 11. månader meinte pappa var i yngste laget for å drive motorsport.
– Han må finne seg i å vente eit par månader før han får sleppe til bak styret på ein motorsykkel, seier ein smilande pappa.
 
Milepæl
ENDELEG: Atle Kvellestad var med å skipe Florø MC Klubb for 30 år sidan. Den gongen måtte dei kjempe med trygg trafikk for å innføre hjelmpåbudet. – Tryggleiken då og no kan ikkje samanliknast, seier han Foto: Dag Frøyen

Atle Kvellestad var blant dei som skipa Florø MC klubb for 30 år sidan. At det var ein spesiell dag var det ikkje å legge skjul på. I dag var det sonen Christoffer (9) som representerte familien og fekk prøvekøyre bana. Kvellestad meiner det er ein milepæl for klubben at det no har kome ein stad der det kan drivast motorsport i Florø.
– Det er på tide, og det har vore prøvd meir enn ein gang tidlegare, påpeikar Kvellestad. Han trur ei slik bane vil vere veldig viktig for interessa og aktiviteten vidare. Han håpar også på at den kan føre til sysselsetting.
– Vi skal ikkje sjå bort frå at denne bana kan føre til at det blir betre vekstvilkår for ei næring som forretning og verkstad knytt til motorsport, og det hadde vore flott, avslutta Kvellestad.
Dag Frøyen
57 75 73 29
dag@firdaposten.no
 
Les og hva Firda skreiv.

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  08 februar 2006