Konstanse Stavang,
Æresmedlem på 78 år 

Firdaposten, 22. januar 1996  Av Anne Mette Tuvin.

Konstanse Stavang, som fyller 79 år til sommeren, likar seg best blant unge folk. til Florø MC.klubb sitt 20 års jubileum blei ho invitert med største selvfølge.  Foto:  Dag Knapstad 

 I det vi kjem inn i den røykfylte Haavebua lyser ein kvit hår manke opp mellom svart lær og....

--- Eg har alltid likt meg blant ungdom, og då Dag Magne Knapstad ringte og bad meg komme på jubileumsfesten til MC klubben blei eg veldig glad, seier Konstanse opprømt. Ho sit i høgsetet langs eit langbord og har kavalerane på begge sider.

--- Dei seier eg er ute på barnerov, men det er karane som kjem til meg., og ikkje omvendt, ler ho.  Ein bukett med roser syner at den eldre dama blir sett pris på av Florø MC klubb.

--- Dei som eg har hatt med å gjære har alltid vore snille og kjører skikkeleg på motorsykkel, slår Konstanse Stavang fast. Ho røper at ho aldri har køyrt eller sete bakpå ein motorsykkel. Men med i gjengen har ho alltid vore.

--- Eg var vakt på Framdansane i årevis, og fram til eg var 73 år arbeidde eg som kontrollør på kinoen her i Florø. Då var eg også mykje i lag med gjengen i motorsykkelklubben.  Eg blir så oppliva når eg er med unge folk.  Dei er ofte lettare å preike med enn dei vaksne, meiner Konstanse.   Ho ser på klokka.

--- Eg gler meg til konserten med Åge Aleksandersen. Han har ikkje så flott stemme, men tilgjengjeld har han gode tekstar, smilar Konstanse.

Til 20 års jubileet

 

HISTORIKK

2012
2011
2010
2009
2008
2007
 
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
35 år.
1976 til 2011
 

Boks 272,  6901 Florø
E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no
, Facebook:

Sist oppdatert av © Linken  06 september 2011