Stor oppslutning om aktiv motorsykkelklubb

Motorsyklistar blir ofte sett på som nokre "fartssvin" og "pøblar" som stort sett ikkje gjer noko anna enn å kjøyre gate opp og gate ned for å lage bråk.  Dette kan nok være rett i enkelte høve, men stort sett har motorsyklistane like god og kanskje betre trafikkkultur enn dei fleste bilistar.

FIRDAPOSTEN   16. sept. 1980  Av: Skar

Frå eit møte i klubben sine lokale  Frå v. Anne Britt Løkkevik, Olav Tveranger, Kjartan Myklebust, Kurt Mulehamn og Atle Løngø.    Foto: Skar 
  - Ei av målsetningane til Florø MC-klubb er å skape ein betre trafikkultur og eit godt miljø blant MC ungdommen.  Før klubben kom skikkeleg i gang var det ein del klage og avisskriveri på og om motorsyklistane i byen.  Men i den seinare tid har vi fått eit godt forhold til politiet.  Det er er også kome ein god del mindre klager frå publikum takka være klubben og dei som starta den, seier nestformann Morten Mortensen til FP.

Eit av dei tiltaka dei har sett i gong er "dugleikskøyring" der kravet er å rå best mogelig over sykkelen, og bli sikrare trafikant.  Klubben disponerer eit område bak flyplassen som dei brukar til dette føremålet.

Det starta i 1973
Det var i 1973 at Atle Kvellestad og Geir Gåsøy starta arbeidet med å få i gang ein motorsykkelklubb i Florø.  Geir Gåsøy driv no forretning og er sjåførlærar i Florø og Førde, med motorsykkel som spesialitet.

Florø MC-klubb vart offisielt opna 3. september 1976, påskunda av eit offentleg møte i gamle Breidarblikk.  I starten hadde klubben kring 20 aktive medlemmer.  I dag har dei passert femti.  Nesten ei tredobling på fire år skulle vise at trongen er der.

Ikkje røyk og alkohol
  MC-klubben har fått leige (gratis) eit lokale av Olav Sande.  Det ligg i kjellaren på huset der han driv Sande Reisebyrå.   Lokala har medlemmane sjølve rydda og pussa opp, og dei har fått i stand eit fint og hyggeleg møterom og verkstad.  Der blir medlemsmøta haldne kvar 14. dag.  Om sommaren er møta meir uoffisielle.  I styret for klubben er:  Olav Tveranger, formann.  Morten Mortensen, nestformann og Dag Knapstad, kasserar.

På klubbkveldane blir det blant anna synt film om motorsykkel.  Det er ikkje lovleg å røyke eller nyta alkohol på møta. - røking mest pga. brannfare.

Hovudaktivitetane blir lagt på å få stelt i stand turar og reise rundt på MC-treff.  På MC-treffa møtast motorsyklistar frå nær og fjern.

Langturar
Det har blant anna vore folk her i frå og ned til middelhavet på motorsykkelturar, og det har vore representantar frå Florø MC-klubb i kvart europeisk land der der dei har kome inn.  I desse landa har dei stort sett vorte godt mottekne.

I Finland, på eit treff som heiter "Muurat Meeting" , og i Alta har dei fått premie av di dei har vore den MC-klubben som har kjørt lengst for å delta.  På MC-treffa er det tautrekking og tønnerulling som er deira spesialitet.

Lurer på eige hus
  - Kva krevst for å bli medlem? - For det første må ein være fylt 15 år og for det andre må ein ha interesse for for motorsyklar og sette seg etter reglane i klubben Eit års medlemskap i MC-klubben kostar 50 kroner for skuleungdom og 100 for voksne.

Korleis er økonomien i klubben?.  - Den er stort sett bra, og vi har i grunnen råd til å kjøpe inn det meste av det vi har bruk for.  Litt kulturell støtte har vi fått.  Ein del av dei pengane vi får inn på arrangement blir lagt til side med tanke på å få reist vårt eige klubbhus av oppsparte pengar, seier Mortensen.


Olav Tveranger, Formann i Florø MC klubb

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010