Eksosrypene tar sine eigne vegar

Eksosryper vil ikkje lenger berre sitje bakpå sykkelen. Kvar tysdag møtest ein gjeng MC-frelste jenter i Florø for ein fellestur, samling over kaffikoppen og ein sykkelprat på kroa.

FIRDAPOSTEN 4. oktober 2001   Av: Dag Frøyen

MC-HULDRENE: Frå Høgre: Grethe Amundsen, Monica Lundekvam. Oli Margrete Aase, Siv Sørbø, Bjørg S. Hove, Cecilie Flister, Isabella Flister og Unnvor Stenbakk.
 Foto: Dag Frøyen 
Eksosryper er eit namn på jenter med interesse for gutar med motorsyklar. I Florø ønskjer jentene å ha sine eigne syklar og ikkje henge etter gutane. Ikkje at dei er noko i vegen med gutane, men det er noko anna med jenter og sykkel. Kva det er, klarer dei ikkje heilt å sette fingeren på. Men det sosiale kring syklane blir annleis når det er jenter som er saman om det på eiga hand. Dette ønskjer dei å verne om.

— Det er artig at vi som er jenter med lidenskap for sykkel kan vere saman om dette. Seier Isabella Flister. Jentene har det felles at dei køyrer sykkel. Utover dette er dei ein gjeng sum kjem frå for­skjellige miljø Dei har framleis ikkje organisert seg i ein klubb, noko som er delvis tilsikta då dei ønskjer å bruke tida saman til å køyre sykkel. Del ønskjer ikkje å konsentrere seg om medlemsmøte, protokollar og fordeling av ansvar, som vil gå i vegen for det å vere på vegen med tohjulingen i ein gjeng. Dei har helter ikkje noko namn, men dette blir det jobba med.

— Vi har diskutert mange utan å komme fram til noko. Namna som har vore oppe vil vi dessutan halde for oss sjølve. seier ei av jente­ne og smiler lurt. Dei håpar no at dei kan få kontakt med fleire jen­ter som køyrer sykkel, og andre jenteklubbar, for at dei på sikt også kan bil endå fleire jenter som deler den glødande interessa for sykkel.

Se og Bestemor med Harley

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
34 år.
1976 til 2010

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010