Motorsykkeltreff for heile familien

BERLE: For åtte og eit halvt år gamle Ole Nygård Reksten frå Florø var det stor stas å vere med pappa på motorsykkeltreff for alter første gong. I Berle trefte han også mange andre ungar som var med foreldra sine på motorsykkelferie.  
Firdaposten  Augusr 2000.  Annbjøg Hauge Nygárd  57795980 

STOR STAS:  Det var stor stas for Ole Nygård Reksten å få være med pappa Kjell Atle Reksten på motorsykkel treff i Berle. (Alle foto: Annbjørg Hauge Nygård) 

REKLAME:
"Pappaen min kjører Harley" var dagens reklame frå Ole Nygård Reksten.

Pappa Kjell Atle Reksten eig ein original 1968, ein Harley-David­son Electra Glide. Han begynte å køyre stor sykkel i 1976, og køyrde aktivt i mange år. Etter ein «dvale» på seksten år, kjøpte han ny sykkel for to år sidan, så dette er den tredje store sykkelen hans i rekkja. Til saman har han delt mange timar med motorsyklane sine, men det er første gongen at sonen Ole er med på tur.

- Dette er ein skikkeleg «guttetur», meiner dei to karane, og smiler breitt.  

 

Vanlege folk
Brølande motorsyklar, svarte skinndressar og tette hjelmar tyk­kjest kanskje skremmande for mange, men etter ein visitt på MC-treffet i Berle i helga, kan vi slå fast at det var heilt vanlege menneske som deg og meg vi møtte der. Dei fleste var godt vaksne, og mange hadde teke hei­le familien med seg. Ungane kosa seg med mange slags aktivitetar på den store grasmatta i Gotraneset, For helga omgjort til camping­plass for bortimot to hundre men­neske. Over nitti syklar var regis­trerte i sekretariatet laurdag etter­middag, og fleire var venta utover kvelden. Det er meir enn dobbelt så mange som under MC-treffet i fjor, som var det første treffet arrangert av motorsykkel klubba­ne i Svelgen og Bremanger.

Betre marknadsføring
Den gode tilstrøyminga i år skuldast nok betre marknadsfø­ring. Vi har annonsert treffet i treffkalenderen til NMCU (Norsk Motorsykkel Union), via Internett og i fleire MC-blad, i tillegg til Bremangemytt, fortel treffgene­ral Kjartan Myklebust i Svelgen MC-klubb.

- Kven er det som reiser på sli­ke treff?

- Det er heilt vanlege folk. Vi har lagt opptil at det skal vere eit roleg treff for alle aldersgrupper, og til no tel vi bortimot tjue born blant deltakarane. Gjennom­snittsalderen på dei som køyrer tung motorsykkel har gått opp, og det er kjekt å registrere at stadig fleire jenter også køyrer sykkel, seier Myklebust.  

 
JENTE I FARTA: Trebarnsmor Siv Grotle (34) er motorsykkelentusiast, og begynte å køyre tung motorsykkel for to år sidan.

Trebarnsmor
Ei av desse er trettifire år gamle Siv Grotle frå Bremanger, tre­barnsmor og motorsykkelentusiast på sin hals. Saman med mannen sin, Ove Senneset, kjøpte ho seg motorsykkel for tre år sidan, ein 100 kubikk Honda Magna V65, 1986 modell med 180 heste­krefter.

— Eg har alltid hatt stor interes­se for tohjulingar, og tok lappen for to år sidan. Å få motorsykkel­sertifikat var ein av barndoms­draumane mine, fortel Siv Grotle.

Ho storkosa seg saman med likesinna i Berle. Då Firdaposten stakk innom «depoet», hadde motorsyklistane nettopp returnert frå felles utflukt til Grotle og Kalvåg i det flotte augustveret. Seinare på kvelden stod det grilling og dans på programmet.

— Det sosiale er nesten det viktigaste med slike treff, det er kjekt å møte andre som deler same interessene som du sjølve, meiner Siv Grotle.

Godt samarbeid 
Til MC-treffet i Berle i helga kom mange av motorsyklistane lang­vegs frå, lengste reisa hadde ein gjeng frå Bodø som kom på laur­dagen. Elles kom deltakarane i hovudsak frå kystfylka Sogn og Fjordane og Møre og Romedal.
— Vi håpte på fleire tilreisande enn i fjor, men vågde vel kanskje ikkje å håpe på så stor respons.

Dette er svært gledeleg, men arrangementet skal ikkje bli for stort heller, meiner Kjartan Myklebust. Ei evaluering etter treffet vil avgjere om det vert nytt treff nes­te Ar, men det er mykje som tyder på reprise.

— Utan det gode samarbeidet mellom MC-klubbane i Svelgen og Bremanger hadde vi nok ikkje makta å ta på oss eit slikt arrange­ment, for det er rimeleg hektisk å få alle detaljar på plass. Så langt har alt gått etter programmet takke vere stor dugnadsinnsats, og ikkje minst. på grunn av plassen vi er på. Her er det fantastisk flint å vere, avsluttar Myklebust.  
Firdaposten
Annbjøg Hauge Nygárd 
57795980 

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1976 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010