Livleg sykkelslepp i Strandgata
FLORØ: Strålande sol, blå himmel med tilhøyrande skarp nordavind var råma kring ei flott markering av "Sykkelens dag" i Strandgata. Laurdag 05.mai 2001
,

Foto: Dag Magne Knapstad
Kulturetaten i Flora kommune, Florø sentrum, Krokane Nærtenester og motorsykkelfolket stod for eit arrangement med stor breidde og laga triveleg stemning og skikkeleg liv og røre i sentrumsgata laurdag.
Ja
Morro å komme over målstreken aller først.

Foto: Arve Solbakken

Først ut var dei minste som konkurrerte med trehjulssykkel, deretter var det sykkelkonkurranse med dei etter kvart så berømte by-syklane.

MC-parade
Til slutt tok MC- folket over showet. MC- klubbane i Florø,  saman med MC- butikkane i byen hadde sin eigen kubikkvri og viste seg frå si beste side etter dei negative hendingane med narkoarrestasjonar i Hammer MC i Florø nyleg. Florø MC- klubb tok i eit lesarinnlegg i Firdaposten laurdag sterkt avstand frå narkobruk.


MC-gjengen samla seg ved Haffen før de la ut på tur. 
Foto: Dag Magne Knapstad

Denne laurdagen kunne folk rusle kring og sjå på beundringsverdige motorsyklar med både to og tre hjul som var utstilte i gata. Til slutt arrangerte klubben felles MC-tur frå torgplassen ved Haffen til Bjørnseth, der det var servering av kaffi, kaker og vaflar i eigne klubblokale. Startkontigenten på turen gjekk til Norsk Luftambulanse.


MC- TUR: Florø MC-klubb arrangerte felles tur med startkontingent der overskotet av arrangementet gjekk til Norsk Luftambulanse.

Foto: Arve Solbakken

 

PÅ TRE HJUL: Fleire vakre doningar til familiebruk var med på treffet.
Foto: Arve Solbakken

Sjå og

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1996 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  13 februar 2010