Florø MC klubb feira 25 år: med "Verdslansering" av V-ROD

FLORØ: Laurdag kveld var det ikkje ein einaste skinnkledd person å sjå utandørs nokon stad i Florø.  Alle og endå fleire var benka til "høgmesse" og bursdag for Florø MC klubb i Haavebua.

FIRDAPOSTEN  Dato: 5. februar  2002.  Tekst/foto: Jon H. Sørland 

BEUNDRA: Den nye Harley doningen til 260,000 vart kritisk vurdert men ikkje funnen for lett.  (alle foto Jon H. Sørland)
Som ein lekk i verdslanseringen av V-ROD. Den nyaste modellen til Harley-Davidson, hadde Florø MC klubb fått eit eksemplar av vedunderet til byen.  Sykkelen var prikken over i-en i 25-års feiringa.

Bak forheng
Etter eit lengre måltid Sjømat, talar, jubileumsvise, overrekking av ulike motordelar frå MC klubbar frå fjern og nær, og konkurranse i form av å tippe modell og merke på  motordelar, nærma kveldens høgdepunkt seg.

     Røyk, motordur, AC/DC og ein XL 883 Sposter rullar inn i lokalet.  Men denne er berre forretten.  Etter å ha svelget unna eksos, røyk og synsinntrykk er det duka for skikkeleg godbit.  Bak eit kvitt forheng vakta av to Harley-løvinner med amerikansk flagg som hovudtørkle, står hovudretten.

Inn i varmen 
Mange gjester og venner er på plass.  Ein del tek det heile med påtatt stoisk ro, løftar ikkje ein gong på augebryne.  Andre er på nippet til å kaste skinnvesten når forhenget vert trekt frå til endå meir motordur, bankande trommer og røyk

Så står den der.  Mellom tatoveringar og ølbeger, hestehalar og skjegg.  Andre Harley-tilhengarar er ikkje fullt så pryda, men like ihuga patriotar.

Og dei vert ikkje skuffa.  Få ukvemsord er å høyre.  "VRSCA V-ROD" vart godteken og teken inn i varmen.

Vasskjølt
Alt er så godt som nytt.  Lite er likt dei andre modellane, forutan at bakhjulet har beltedrift. Sykkelen er tildømes den første som har vasskjølt otor, og det er mykje aluminium.  Motoren er på 1130 cc og yter 115 hestekrefter, men sparkar betre ifrå enn syklar på same storleik.  Prisen er på ikkje meir enn syklar på same storleik.  Prisen er på ikkje meir eller mindre enn 260.000 kroner, men tydelegvis ikkje så veldig avskrekkande, for to syklar av same type er allereie tinga til Florø.


TIL DELELAGERET: Æresmedlem Olav Tveranger og leiar Rune Ekhaug (bak) kunne ta imot mange edle motordelar til å sette på klubbhylla (Foto Jon H. Sørland)

LØVINNER: Harely-damer med tars and stripes på hovudet avduka hovudretten, den nye Harley-sykkelen (Foto Jon H. Sørland)

Tett: Dansegolvet var som ei tett eksospotte. (Foto: Jon H. Sørland)

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

Katthult drog eksossjøslaget i land

Florø: Katthult klarte brasene då Florø MC-klubb feira 25 år laurdag.  Det var folk, stemning og pengar. Overskotet vart ikkje stort, men kjærkome.
FIRDAPOSTEN  7. februar  2002.  Tekst/foto: Jon H. Sørland 

KATTHULT: Lovande Spellemann-nominert band frå Elverum (Foto Jon H. Sørland)
Det er aldri kjekt å lage til eit kjempearrangement og så vert det minus og bismak når det heile skal oppsummerast.  Og det slapp heldigvis Florø MC-klubb.

Til låra
-- Det er nesten alltid risikabelt å hyre eit ukjend rockeband til Florø, seier Dag Knapstad.
   Lokale arrangørar har gått på smellar fleire gonger.  Derfor var det ei viss spenning om Katthult ville klare å fylle Haavebua.  Sjølve jubileet var eit lukka lag med 133 til bords.  Tre klubbar hadde teke turen frå Bergen, og det var gjestar frå Sandane, Svelgen, Stryn Førde og ein heil del Sogningar.

Under middagen var eit av høgdepunkta prøving av gamle Skinndressar.  Somme kom ikkje lengre opp enn på låra.  Geir Gåsøy fortalde om dei første åra etter at klubben vart starta, og damegjengen og Olav Tveranger hadde laga eigen song.  Torgim Larsen ledde det heile.

350 i alt.
Etter sjølve jubileet vart dørene opna, og Teljeapparatet synte til slutt 200 betalande i tillegg.  Dermed var det 350 totalt, og festen var berga.

Som oppvarming til Katthult spelte gitaristane og trommisen i Pegasus gitarbassert rock.  Vokalisane var også med på nokre låtar.  Dermed var mykje allereie gjort då Katthult gjekk på Sena.  Bandet frå Elverum skuffa ikkje.  Godt dansbar rock, frå balladar til litt meir hardt slåande saker, stod på programmet.  Dørvaktene var aktive i tenesta, men politiet melder om roleg natt.
Alt i alt var det eit vellykka eksos-sjøslag.

Sjå bileta frå festen

Innbydelsen

   
Florø MC Klubb  
34 år.
1976 til 2010

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010