På to hjul gjennom USA

Bjarte F. Ellingsund frå Florø hadde ein draum. Han ville køyre USA på tvers med motorsykkel. No skal draumen realiserast. I sommar skal han med ein Harley Davidson Heritage 1449-kubikkar, krysse kontinentet saman med 23 andre MC-entusiastar.  
Firdaposten 8 mai 2001  Av:  Harald J. Stavang    57 75 73 02

DRAUMEN: Gutedraumen blir sann for Bjarte F. Ellingsund frå Florø. I sommar skal han køyre Amerika på tvers langs Route 66 med ein sykkel av denne typen, for høvet utlånt av Harley Davidson i Strandgata. (Privat foto).

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

Blant anna skal han køyre den kring 4.000 kilometer lange og legendariske "Route 66" mellom Chicago og Los Angeles. Legendarisk fordi den er så myteomspunnen. Route 66 er også kalla "the Mother Road", og er fellesnamnet på ei samling av dei mange hestetrakka og diligence-vegane som vart køyrt opp av pionerane i Ville Vesten.  Den offisielle fødselsdagen til den samanbindande bilvegen er 26. november 1926.

"Vredens druer"
– I 1934 dreiv tørke og sandstormar millionar av amerikanarar langs Route 66 på flukt vestover. Mottoet var "California eller dø". John Steinbeck levandegjorde denne perioden i 1939 gjennom familien Joad  i den verdskjende romanen "Vredens Druer". Det er også han som først brukar  nemninga "The Mother Road" på Route 66, fortel Bjarte Ellingsund i ein samtale med Firdaposten.

I 1939 var Bobby Troup på reise langs Route 66, saman med kona si. Her fekk han inspirasjonen til å skrive "Get your Kicks on Route 66", og vel framme i Los Angeles selde han melodien til Nat King Cole, og resultatet er vel kjent for dee fleste musikkelskarar, legg Ellingsund til.

Organisering
Det er "Norwegian Route 66 Association" med hovudsete i Bergen som organiserer desse motorsykkelturane. Organisasjonen er ideell og støttar restaureringa av den opphavlege Route 66 mellom Chicago og Los Angeles.

– Det var surfing på internett som spora meg til denne turen, fortel Elingsund.

23. juli reiser 24 menneske av begge kjønn via Bergen/Oslo/Amsterdam til Chicago. Etter overnatting der  hentar dei førehandstinga syklar og utstyr, blant anna ein rullande verkstad med følgjebil/mekanikar og ein komplett sykkel på hengar, om noko særs skulle skje.

Turen vil strekke seg over 14 dagar med etappar som varierer mellom 30 og 60 mil, og alle overnattingar er førehandstinga. Det blir høve til å variere mellom køyring og å sitte på, alternativt vere med følgjebil på enkelte etappar. Det skal vere ei oppleving, og ingen sportsprestasjon.

Til Los Angeles
Det er uråd å gå i detaljar, men vi kan m.a. nemne at dei skal passere Springfield, der Abraham Lincoln hadde barndomsheimen sin, og der han også er gravlagd. Vidare rullar dei tunge doningane gjennom Tulsa, Amarillo, Santa Fe, Albuquerque og Winslow. Her blir det ein avstikkar til fantasiske Grand Canyon for å nyte solnedgangen der. Vidare mot Barstow, og dei skal vere framme i Los Angeles 3. august.

Då har dei køyrt gjennom statane
Illinois–Missouri–Kansas– Oklahoma–Texas–Mexico– Arizona og California.

 I Los Angeles skal dei levere frå seg dei velbrukte syklane og utstyret til avtala forhandlar. Og etter ein avskilsmiddag deler følgjet seg. Nokre reiser attende til Norge, nokre dreg på gruppereise til Hawaii, og nokre får familien over frå Norge for å feriere vidare i dette fantastiske landet.

Langs California- kysten 
For Bjarte Ellingsund sin del blir det å gje seg tid nokre dagar i California. Han var der for to år sidan, og det gav meirsmak.

– Etter fire–fem døger i Santa Monica/Hollywood er planen at eg reiser saman med nokre andre interesserte den gamle riksvegen langs kysten (Hwy 1) opp til San Francisco. På vegen stikk vi innom Malibu og får eit glimt av dei feterte filmstjernene sitt bustadområde. Vidare til Santa Barbara, og kanskje slepp vi inn på ranchen til Ronald Reagan (Rancho del Cielo) som ligg på høgdedraget der, eller vi stikk innom Monterey/Carmel ved havet der Clint Eastwood er borgarmeister, gliser Ellingsund.

 Men mest interessant blir det om dei får kontakt med folk som skal ha utvandra frå Flora tidleg på 1900-talet. Ellingsund har høyrt at det skal vere etterkomarar frå ein aktiv næringslivsmann herifrå som slo seg ned i dette området. Næringsvegen i Monterey på den tid var nemleg brislingfiske, og det var ting som dei hadde greie på i gamle Florø på den tid då hermetikken kom i drift frå tida kring 1910.

Dei har også tenk seg innom Salinas, fødebyen/gravstaden til John Steinbeck som ligg langs denne ruta. Vidare passerer dei Paso Robles, der filmlegenda James Dean omkom
i eit vegkryss i sportsbilen sin.

Til San Francisco kjem dei via Oakland Bay Bridge, etter seiande meir imponerande enn Golden Gate.

Den store togreisa
 
Etter eit par dager i San Francisco startar den "store togreisa" med Amtrak (amerikanske jernbanen) som går frå San Francisco og tvers over kontinentet til New York.

– Vi har kjøpt amerikanske togpass som er berre for utlendingar. Desse kostar 450 dollars og gjeld for 15 døger i heile landet. Vi kan kan "komme og gå" med alle tog vi vil.
 Vi vil først reise ei rute som blir kalla for  Californian Zephyr, av mange definert som den finaste togruta i USA. Ruta går bl.a. gjennom Sacramento, hovudstaden i California, passerer Reno (Nevada), over Rocky Mountains via Salt Lake City (Utha), Denver (Colorado), Omaha (Nebraska), og endar i
Chicago. Det trengst ei tjukk bok for å nemne dei stader og dei opplevingar som ligg langs dette sporet, seier Ellingsund, og gler seg stort.

Etter nokre dagar i Chicago går turen vidare langs Capitol
Limited. Dei køyrer langsetter Lake Michigan til bl.a. Cleveland, Pittsburg og til Washington DC.

– Her blir det berre å sortere, uråd å få med seg alt.
Etter nokre dagar i hovudstaden gjer vi klar for siste etappe med Amtrak. Toga er fantastiske med bua glastak i 2 etasjar, og med den utsikta. Etappen er Washington–New York, og ruta blir kalla Metroliner. Marsjfarten mellom byane er 220 km/t. Vi skal innom bl.a. Baltimore og Philadelphia før vi kjem til  "The Big Apple" om ettermiddagen. Vi får håpe på nokre dagar til gode i New York før flyet letter fra John F. Kennedy-flyplassen med kurs for Norge og Florø. Då skal vi ha lagt bak oss ei strekning på ca. 11.000 km i Nord-Amerika med motorsykkel, bil og tog, fortel Ellingsund.

Vi treng ikkje fortelje at han gler seg umåteleg til turen.

   
Florø MC Klubb  
34 år.
1976 til 2010

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010