Motorsportbana er i boks

Florø MC klubb og Aslak Holmen har no jobba i to år på å få på plass ei bane for motorsport-aktivitet for barn og ungdom primært. No er området for bana på plass, og om ein månad vil ein finne Florø Motorsportsenter på Botnastranda.

Firdposten  september 2005   Av: Dag Frøyen

FLYKKELEG: Endeleg kan motocross-entusiast Aslak Holmen vende tommelen opp. No har kommunen gitt MC-miljøet ei opning for å nytte det industriregulerte området på Botnastranda til sine aktivitetar.  Foto Dag Frøyen

Botnastranda var det første området Florø MC klubb fekk tilslag på, men MC-klubben meinte tilbodet frå kommunen vart for dyrt. Deretter retta dei søkjelyset mot ein flekk på Sørstrand der dei såg føre seg eit område for born og unge. Dei hadde avklart leigeforholdet med Avinor, som disponerer området. Denne løysinga skapte større problem for MC-entusiastane enn dei hadde rekna med. Mange reagerte på at MC-klubben skulle etablere seg i eit rekreasjonsområde. Hundeklubben var mellom dei som helst såg at området ikkje vart nytta til motoraktivitetar.

Ikkje velkomne
– Vi følte oss ikkje særleg velkomne på Sørstrand, seier Holmen. MC-miljøet ville i utgangspunktet få til eit samarbeid, men noka form for løysing let seg ikkje gjennomføre. Til det var motstanden til ei etablering for stor, og dette førte til at Botnastranda på nytt vart aktuelt. Flora Hamn og Næring kom med eit nytt tilbod om mellombels bruk av området til motoraktivitet. No har klubben fått godkjent bruksrett og går i gang med opparbeiding.

Området MC-klubben har fått tildelt ligg vest for sementfabrikken på Botnastranda. På den planerte flata ser dei føre seg å leggje til rette for barn og unge, medan dei vaksne skal frese frå seg i skogholtet på vestsida. Det er i hovudsak grus dei treng for å gjere området brukande for motorsykkel.

MC-miljøet i Florø vil no skipe eit nytt idrettslag som skal drive aktivitet på Botnastranda under namnet Florø Motorsportsenter.

Nytt idrettslag
– Vi vil drive ulike aktivitetar som trial, knattcross og motocross under same vignett. Vi ser òg moglegheiter for at vi kan få til ein crosskart-bane på sikt, seier Holmen. No er det formelle ting kring skipinga av idrettslaget som står att før dei kan gå i gang. Dei har godkjenninga dei treng, og fredag i neste veke skal dei ha møte og lage framdriftsplan for opparbeiding.

– Det er mange som ivrar etter å ta til med trening og køyring, så det er på høg tid at vi har fått eit tilbod, seier Holmen.

– Vil de leggje til rette for at andre som ikkje har syklar og utstyr kan få prøve seg?

– Ja, det er intensjonen vår. Vi har ikkje midlar til dette med det første, men vi ser føre oss å kjøpe inn syklar vi kan leige ut. No er førsteprioritet å leggje til rette for dei som allereie har syklar, slik at vi har ei bane vi kan nytte og utvide vidare, seier Holmen. Han fortel at Asle Skaanevik, Atle Kvellestad og han sjølv har nytta mykje tid og krefter på denne prosessen, og då klarsignalet kom, spretta trioen champagnen.

Dag Frøyen
 

HISTORIKK

2011
2010
2009
2008
2007
 
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
34 år.
1976 til 2010

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  16 august 2011