Aleksandersen på "heimebane"
Åge Aleksandersen er som på heimebane i Flo­rø, og takka for den varme mottakinga med å levere ei heidundrande konsert på Haavebua laurdag. 50-åringen er heilt klart «still going strong
FIRDAPOSTEN,  Måndag 12. april 1999  av: Arve Solbakken,   

Åge var i byen igjen. Få norske artistar har eit så solid rotfeste i folkesjela som den garva rockaren og lys-og-varme-visesongaren. No er han på vegen for å presentere den nye plata ”Flyg av sted” med jordnær og melodiøs musikk, ei plate som plasserer seg blant dei betre i rekkja av stort sett vellukka produksjonar.

Dei surmaga oppstøta i frå kritikarkorpset har uteblitt denne gongen, men folk flest gir seg f... i kva dei måtte meine. Åge er ein mann av folket. Han har eit lettfatteleg språk og ein bildebruk som folk forstår, han er original, ekte og ingen kopist.

I tittelmelodien på plata ”FIyg av sted” har han kanskje fått seg ein ny superballade a la  ”Lys og varme”.  Teksten er ein slags avskjedssong frå ein forelder som ser barna flyge ut av redet for godt. Midt i blinken for eit publikum med høgt frekvens av gryande kulemage og høgt hårfeste.  

Publikum duva tålmodig og inderlig som ei sommareng i bris mens Åge rusla sølvsikkert gjen­nom balladane, og bobla opp som ein vulkan når bandet drog til med gamle gode partyvinnarar som ”Leva livet”, “Suttekluten” og ”Dams me mæ”.. Dette var ein perfekt kveld for bandet, som strålte av speleglede. Særleg felemannen Konstantin Popchristovs var eit fyrverkeri, som er blitt ein viktig del av identiteten og folke­musikkpreget til bandet. Kvifor ikkje invitere Åge Aleksandersen som artist til den Irsk-Norske festivalen?  Med dette bandet kan han spele fletta av dei fleste.

-----------------------------

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
34 år.
1976 til 2010

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010