West Coast Meeting
29 mai til 1. juni 1997
Stavøya

Florø MC klubb sitt årlige treff. "West Coast Meeting" blei ein kjempesuksess. Eit hundretals syklar og dobbelt så mange entusiastar kost seg i kjempeværet på Stavøy.
Firdaposten 2. juni 1997.   Tekst: Øystein Mikalsen.   Foto:   Dag Knapstad

Foto: Øystein Mikalsen  Stemning ved sjøen.


Birger Storøy og Vidar Grimeli  Foto: Dag Knapstad

---Vi har lagt ned masse arbeid får å få treffet i hamn. seier Tore Haugen som nyleg er vald til leiar for Florø MC klubb. 
-- Avtalen med grunneigaren er at vi kjem før treffet og ryddar i fjæra og at vi sørgjar for at det ser fint ut når vi dreg att.  I tillegg til ryddinga er det mykje jobb med å rigge til for grilling, sette opp benkar og bord, og lage i stand ein plass der bandet kan spele., fortel Tore, som har hatt kommandoen over ein heil bøling med gode hjelparar i dagane før treffet..  

Varjasjon 
Mange er skeptiske til MC Treff. og reknar med at det berre er Hell Angels-typar som velter seg rundt i fylla og bankar kvarandre  med tomme ølflasker.  Etter å ha studert fenomenet på nært hald ein kveld kan Firdaposten avsanne desse rykta. Det er rett nok ein del karar som godt kunne vore statistar i amerikanske B-filmar om MC bandar, men desse er alt anna enn skumle. Ein annan interessant observasjon er at du fint kan gå på treff utan langt hår og skjegg. All sortar folk passar på eit MC treff, berre dei har ein felles interesse - motorsyklar.
.  
Variasjonen er stor når det gjeld syklar og. Vi fann alt frå små knallartar til svære Harley-maskiner.  Sjølv Rusiske Zubova  (Ø. Mikalsen sin heller ruskete.  russisk-importerte "motorsykkel". red. anm) fann seg tilrette, og det seier litt.  Det er nemlig slik med russiske motorsyklar at skjønnheita kjem innanfrå..  
MC-moro


Rodeo  Foto: Dag Knapstad

Heldigvis er det ikkje berre MC-prat på slike treff.  Det var grilling, bading og andre vanlige strandaktiviteter i det gode været.  
Om kvelden spelte Terje Kjørlaug & Co rock av beste sort, men før konserten var det høve til å prøve seg på Rodeo.
.  
Dei som no trur at uskuldige NRF kyr på Stavæya blei ridd halvt forderva kan ta det med ro,  Rodeo på Stavøya -treffet er noko helt anna:  .  
Ei tønne blei spent opp mellom fire trær i kraftige stroppar,  Ein stakkar blir jaga opp på tønna og fire menn derg og slit i stroppene for å prøve å kaste den sjanselause av.  Vanlegvis tek dei ikkje jange stunda før ryttarane ligg og sprellar på marka under.  Rekorden er vist 7 sekund..  

Fin ramme 

.  
Bading i fjæra  Foto: Dag Knapstad

--- Den vakre naturen på Stavøya laga ein fin ramme om tilskipinga. På ein måte kan det verke malplassert med motorsyklar i hopetal nedi i ei idyllisk fjære.  Det vanlige er å sjå slike kjøretøy langs støvete landevegar.  Men den fine plasseringa og det fine været var med på å gjære treffet til noko ekstra.  Treffdeltakarane slanga seg i solskinet og ølflaskene fekk bein å gå på.  Ein og annan galning heiv seg på sjøen for å kjøle ned hjerneborken.  Oppe i matteltet er det grillmat å få kjøpt, men også her finn vi alternativ til dei tradisjonelle grillpølsene.  Dag Knapstad hadde tatt med wok'en sin og svinga opp med Indisk fiskebollegryte.  Det spørs om ikkje dei tilreisande, som kom frå både Bergen og Oslo fekk seg ei MC-oppleving litt utan om det vanlige denne helga.  Det gjorde i alle høve Firdaposten sin utsendte; den russiske URAL-sykkelen vi kjørde gjekk nemleg både inn og ut att uten eit einaste problem.

 

Se Billeggalleriet fra treffet.

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1976 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010