Florø MC Klubb's 20 år jubileum
 Lørdag 20. Januar 1996 

Åge kom heim 

FIRDAPOSTEN,  22. jan. 1996  Av Ann Mete Tuvin

Nokre kilo tyngre, smale brillar, kort i håret og solbrun i huda, står Åge Aleksandersen på sena i Florø.  Røysta er like rusta, gitaren heng med og taktfoten går som den alltid har gjort.  -- Godag Florø. Eg er glad for å være her igjen, smiler Åge                      Foto: Dag Magne Knapstad

Og vi trur han. 
 
--- Når han Dag Magne ringer, så kjem eg, seier Åge enkelt om eldsjelen Dag Magne Knapstad i Florø MC-klubb. 
      Åge Aleksandersen har vore i Florø mange ganger før. Største opplevinga var for mange, utekonserten stadion i 1985 med allsong frå nær 3000 menneske. Åge var då på topp med plata "Leva Livet" og "Eldorado".  

Svingar framleis.
Men framleis svingar det når den etter kvart 46 år gamle Namsosingen fritt frir til publikum. Laurdag kveld var ikkje noko unntak.  Åge kom frå Grand Canaria til Haavebua for å kaste glans over 20-års festen til Florø MC klubb, og vel 300 ønskte han velkommen. --- Er du blitt pamp p dine eldre dagar med hus i syden om vinteren?

---- Eg likar godt lys og varme..., og eg oppheld meg deler av vinteren på Kanariøyane, ja. Der skriv eg nye låtar.  Bileta frå Noreg blir endå klarere der nede. Snøen blir kvitare, dei nordiske kjenslene sterkare, smiler ein sveitt Åge. Etter to timar på sena i strekk, gjer det godt å få seg noko kaldt å drikke.

Føler meg ikkje gamal. 
-- Eg følar meg ikkje gamal i det heile, men reisene tek meir på kreftene.  Å ei anna side blir timane på sena meir verkelege no enn før.  Tankane på at eg har færre dagar framfør meg enn bak, er der seier Åge. 
Handlingslamma er ikkje karen av den grunn.  Nyleg kom plata ”Åge – med hud og hår” som er nominert til spelemannsprisen.  Salet ligg mellom 60 –70 000 eksemplar og Åge rosar sine musikarar. 
--- Då eg høyrde Håkan og Konstantin på ein privatfest for to år sidan, fall eg pladask.  Eg presenterte meg, og sidan den gong har vi spela i lag fortel Åge.

Nye lydar.
Dei dyktige musikkarane er Håkan Henriksen på kontrabass, Terje Tranås på keyboard, Steinar Krokstad på trommer, Gunnar Pedersen på gitar og den bulgarske Konstantin Pop Christov på fiolin. 
--- Eg likar nye lydar rundt øyrene og musikkforma no er total båsfri. 
--- Eg er av den oppfatning at til verre eg er å plassere, dess betre, seier Åge som røper at han fortida er nysgjerrig på afrikanske rytmar og instrument.  

Kristin Skau i duett med Åge på "Nysteikte Wienerbrød"  (fra vårt 20 års jubileum i 1996) 
Foto: Dag Knapstad
Wienerbrød    
Laurdag fekk publikum høyre ville kalypso-taktar i hgt tempo, eit imponerande fiolinspel blanda med rolege låtar i velkjend stil.  Dei gamle kjenningane har fått ny innpakking.  Musikken er meir intens – og meir melankolsk. 
            Fleire sperra augo opp då vår alles Kristin Skau frå Musikkskulen entra scena. Tett saman med Åge song ho ”Nysteikte Wienerbrød” Så varmt og ekte var det at vi kjende den søte Winerbrød-lukta speise seg ut i lokalet.
  --- Blir blues det neste?  --- Aldri.  Er ikkje det nordiske melankolien blues nok? spør Åge.  

Stilbrot
Som om han har tenkt litt på stilbrotet med låteskriving på Kanariøyane, kjem det plutseleg: 
--- Eg har sett stabben fyr. Ein fantastisk flott plass… Tenk å sitte på Stabben og skrive låtar, han ser draumane framførseg.
--- Får eg lov kjem eg, seier han bestemt.  --- Kva gjer du om ti år?  --- Då kjem eg vel til 30 års-jubileet her i Florø, lef Åge som smålåten kallar seg for ”leverandør av bakgrunnsmusikk til det norske folk’s liv”.  

Konstanse Stavang utnemt til Eredsmedlem


Konstanse Stavang Foto: Dag Knapstad

Konstanse Stavang, som fyller 79 år tilsommeren, likar seg best blant unge folk. til Florø MC.klubb sitt 20 års jubileum blei ho invitert med største selvfølge.
[Les heile saka]

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

Se vårt fotoalbum fra festen
Hud og Hår  --  20 MC år  Av: Tom Gjelsvik
Se våre  tidligere arrangemang.
Linker til andre Åge sider

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010