| 
                                ÅGE lyste det i raudt, kvitt og
                                blått frå den nye storscena.  Tonane
                                fylde heile stadion, varierande i intensitet
                                gjennom tornande contry-rock, lyriske viser og dundrande, ram "heilrock"
                                 Lyden   ....
                                stod som ein veldig pulsator mellom åsane,
                                fløymde utover den bølgjande folkemassen, over
                                tirgrønne grasmatter og skråningar der
                                jonsokblomen bøygde seg, og rulla vidare inn
                                mellom mørke granleggar.     
                                "Fire pils og ein pizza", Rio de
                                Janeiro",... rytmane, bassen slår rett i
                                kroppen og bankar innafrå som eit kollossalt,
                                felles hjarte. 
                                Sola   glir
                                ned i eit lett skyopptrekk, glimrar lågt over
                                land.  Du kjenner at lyset blandar seg seg
                                med lyden, spreier seg og glør ut i snøfonnene
                                som smeltar vekk i sildrande vann nedetter dei
                                gråblå fjellsidene nordafor fjorden. 
                                Folk   sat
                                og stod.  Dei yngre pakka seg framfor
                                scena, dei litt eldre og heilt små sat som
                                hekkande sjøfugl oppetter Storåsbakken. 
                                Der var alt frå barnehagen til
                                gamleheimen.  I alle fall hørde dei
                                konserten på Flora Aldersheim.  Vi har
                                aldri sett slik publikumsblanding på ein
                                pop-konsert. 
                                Alle   finn
                                noko i musikken til han Åge.  Vi hadde han
                                med på båtturen i fjor sommar (i form av
                                "levva livet") og ungane sleit ut
                                kassetten dei tolv dagane dei budde
                                ombord.  Og vi var der alle for å høyre
                                Norges-premieren på "Mens vi venter"
                                denne swingande fredagskvelden....  (hjs)  | 
                            
                            
                              | 
                               -- Eg har alltid likt meg i Florø.  Det
                              starta med Prudence i 1970, og aldri spelte vi for
                              anna enn stappfulle hus, sa Åge Aleksandersen på
                              eit spørsmål kvifor han la Noregs-premiæren hit.   
                              -- det fall oss heilt naturleg.  Vi
                              kjenner oss vel her, og har fått forhold til både
                              publikum og MC-klubben i byen.
                              Omtumlande år.     
                              Det har våre 15 omtumlande år frå han kom som
                              eit av dei mange rockeband langs vegane med
                              enkelt utstyr, til dagens suksessfylte première
                              som ein av Noregs aller største artistar  
                                    Det var å bære instrument og
                              forsterkarar inn i gamle "fram", banke
                              rockelåtane inn i dansande tenåringar, og så
                              humpe vidare på dårlege vegar til neste jobb. 
                              Ferja venta   No
                              kjem folk fjordavegs og fjordalangs. Ja fredag
                              venta Bremanger-ferja til kvart på ti, så folk
                              skulle få med seg heile konserten!!  Ei husmor fortalde at ho hadde
                              hivd seg i bilen etter jobb i Nordfjord, kjørde
                              til Haukå og kom inn i  den ferjekøa.    
                                  Ferja
                              gjekk i skytteltrafikk, men enda måtte mange
                              sette att bilane sine, og trenge seg saman så
                              mange som det gjekk hos andre som kom med. 
                              Alt i febrilsk hast for å rekke Åge og
                              Sambandet. 
                              Suksess     
                              Etter "Lys og Varme" gjekk ordføraren
                              på Scena, takka Åge og overrekte ein plakat med
                              Flora sitt byvåpen.     Dette kallar dei suksess. 
                              Men det er lenge sia kveldane med Prudece i
                              Fram.  Det har kosta å komme hit han er i
                              dag.  Åge er ingen moderne mediabroiler. 
                              Han har gått vegen
                              fram.        (hjs) 
                              Sjå
                              også andre
                              stykke om konserten 
                              
                                |