Åge aleine på Haavebua.
På laurdag 7. april er han her igjen.  Åge Aleksandersen.  Knapt et år etter at han gjorde tre konserter på tre dagar i Florø – er trønderen tilbake.   For første gang stiller 52-åringen utan andre enn seg sjølv på scena. 
FIRDAPOSTEN  05. april 2001  Av: Tom Gjelsvik 

Åge i soloformat har i det siste turnert iherdig – og med suksess.  Det nye konseptet vart følgt opp med ei utgjeving av gamle låtar i originalinnspelingar.   ”Åge Original” har gitt høge listeplasseringar, mye mediefokusering og godt sal.  Dette gjør at han denne våren turnerer med stor iver – og ditto inntening.

Ein evig optimistisk arrangør i Florø MC-klubb er Dag Magne Knapstad.  Han er overtydd om at publikum vil kunne få ein annleis oppleving enn ved tidligare arrangement.  - Etter 22 år som arrangører for Åge – er det greitt å kunne presentere noe som er totalt annleis enn fullt trøkk og volumknappen skrudd opp til dit den ikkje vil gå lenger…. Med det kjennskap publikum her i byen har til Åge – og omvendt – ligg alt til rette for ein meir lavmælt kveld med latter, vemod og mye musikalsk mimring om ting som var – eller kunne ha vært. 

Konseptet rundt konsertane er tilnærma genialt i oppbygginga.  Med ein  trufast tilhengarskare og ein særdeles fyldig katalog over gamle og kjente songar – kan Åge trygt la publikum styre deler av innhaldet og framdrifta.  De frammøtte får komme med sine ønskjer – og ein Aleksandersen med senka skulderparti og stor ro får kommunisert med salen.   

- Soloformatet er krevjande på ein helt annen måte enn å stille med 6 mann i ryggen.  Eg har ingen å skjule meg bak – verken musikalsk eller når det gjelder å skape ein dialog med salen.  Tidlegare har det ofte vært ein sterk personlegdom som kunne kjøre et løp når eg trengte ein liten pause. I Florø husker nok mange framleis saksofonisten Bjørn Røstad frå riktig gamle dagar.  Fiolinspelaren Konstantin Popchristov kan også få et publikum med seg på det meste.  Nå er det bare meg, seier Åge Aleksandersen – og høyres unekteleg temmeleg aleine ut der han sitter ved et ferjeleie i Nord-Noreg.

Bandene til Florø er sterke og ekte.  På slutten av 70-tallet og heilt tidleg på 80-tallet var Åge og Sambandet eit rimeleg populært danseorkester i Noreg.  I Florø var de superstjerner med stor S – og det lenge før ”Lys og Varme” kom og endra norsk rockehistorie.  Sida den gong har forholdet vore som eit gamalt venskap – hjarteleg og gjensidig.

- Florø er tryggleik, gode minner og ein stad det er godt å vende attende til, seier Åge.   

Bergen 03.04.01 
Tom Gjelsvik

Se kva pressen skriver om Åges solo prosjekt:   

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010